«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 27

1  Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2  Du menneskeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus!

3  Seg til Tyrus, som bur attmed innlaupet frå havet, som handlar med folkeslagi på mange havstrender: So segjer Herren, Israels Gud: Tyrus, du segjer: Storfager er eg.

4  Midt i havet er dine landskil; dei som bygde deg, gjorde deg storfager.

5  Av cypresstre frå Senir bygde dei båe plankesidone dine; sedertre frå Libanon tok dei til å laga master av åt deg.

6  Av eik frå Basan gjorde dei årane dine; toftone gjorde dei av filsbein innlagt i buskbom frå Kittim-øyane.

7  Fint utsauma linty frå Egyptar-land var det du breidde ut til flagg; blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyane var ditt soltjeld.

8  Folk frå Sidon og Arvad var rorskarar åt deg; dei kunnige av dine eigne, Tyrus, var hovudsmennene dine.

9  Dei øvste og kunnigaste frå Gebal hadde du til å bøta lekane dine; alle skip på havet og deira sjømenner var hjå deg og handla med deg.

10  Menner frå Persia og Lud og Put gjorde hertenesta i din her; skjoldar og hjelmar hengde dei upp i deg, dei gav deg glans.

11  Arvads søner stod med din eigen her på murane dine rundt ikring og djerve menner på dine tårn; sine skjoldar hengde dei på murane dine rundt ikring; dei gjorde deg fullkomleg fager.

12  Tarsis handla med deg av di du var rik på allslags gods, Sylv og jarn og tin og bly gav dei deg for varone dine.

13  Javan, Tubal og Mesek hadde du til kræmarar; menneske* og koparkjerald gav dei deg i varebyte.

14  Frå Togarma-lyden fekk du vognhestar og ridehestar og muldyr for varone dine.

15  Dedans søner var kræmarane dine; mange havstrender fekk varor av di hand, filsbein og ibenholt gav dei deg i vederlag.

16  Syria handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid; karfunkelsteinar, purpur og rosesauma ty og fint linty og korallar og rubinar gav dei deg i varebyte.

17  Juda og Israels-landet var dine kræmarar; kveite frå Minnit og søte kakor og honning og olje og balsam gav dei deg i varebyte.

18  Damaskus handla med deg av di du var rik på allslags kunstarbeid, på allslags gods; dei kom med vin frå Hebron og kvit ull.

19  Vedan og Javan frå Usal gav att for varone dine, so blankt jarn og kassia og kalmus kom i handel hjå deg.

20  Dedan handla med deg med salklæde til å rida på.

21  Arabia og alle fyrstane i Kedar fekk varor av di hand; lamb og verar og bukkar selde dei deg.

22  Kræmarane frå Sjeba og Rama var dine kræmarar; allskyns angande urter av gjævaste slag, allslags dyre steinar og gull gav dei for varone dine.

23  Karan og Kanne og Eden, kræmarane i Sjeba, Assur og Kilmad handla med deg;

24  dei handla med deg med prydelege klæde, med kåpor av purpurblått og rosesauma ty og med heile skattar av tvinna, mangleta garn, med tvinna og sterke tog på din marknad.

25  Tarsis-skip var dine karavanar, dei dreiv handelen din, og du vart fyllt og ovende rik, der du låg midt ute i havet.

26  Ut på storhavet førde dine rorskarar deg - austanvinden bryt deg sund midt i havet.

27  Ditt gods og dine varor, din handel, dine sjøfolk og skiprar, dei som bøter lekane dine, og dei som driv din handel, alle stridsmennene som du hev hjå deg, og heile mannskapet som du hev um bord, skal stupa midt i havet den dagen du fell.

28  For naudrop ifrå skiprane dine skal markene bivra.

29  Og dei skal stiga utor sine skip, alle som med årane sit, sjøfolki og kvar skiper på havet; dei skal ganga i land.

30  Dei skal barma seg yver deg og anka seg sårt, og dei skal kasta mold på sine hovud og velta seg i oska.

31  Dei skal raka seg snaude i kruna for di skuld og sveipa seg i sekk, og dei skal gråta yver deg med sjelekvida og øya seg sårt.

32  Og medan dei barmar seg, skal dei setja i med ein syrgjesong yver deg og segja: Kven er lik Tyrus, byen som no er tagna, der han ligg midt ute i havet?

33  Medan varone dine kom inn frå havet, metta du mange folkeslag; med alt ditt gods og alle dine varor gjorde du kongane på jordi rike.

34  No då du er skipbroten og burtkomen på sjøen og ligg på havsens botn, no er varone dine og alt ditt mannskap søkkt i kav med deg.

35  Alle som bur på havstrendene, tek fæla av din lagnad; det rys deira kongar i holdet, dei er bleike av redsla.

36  Kjøpmennene ute bland folkeslagi hæder deg: Ei skræma hev du vorte, og burte er du - til æveleg tid.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23