«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 26

1  I ellevte året, den fyrste dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

2  Menneskeson! Av di Tyrus segjer um Jerusalem: Hå, Hå! Sundbroten er han, denne folke-porten; til meg er han no flutt, eg vert fyllt - han er øydelagd,

3  difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, eg kjem yver deg, Tyrus, og fører mange folkeslag fram mot deg, liksom havet let bylgjone sine velta fram.

4  Dei skal øydeleggja murane kring Tyrus og riva ned tårni, og eg vil sopa gruset av tuftene og gjera byen til eit snaudt svaberg;

5  ein stad til å turka fiskegarn på skal han vera der uti havet. For eg hev tala, segjer Herren, Israels Gud, og det skal verta til herfang åt folki

6  og døtterne som er på fastlandet*, skal verta drepne med sverd, og dei skal sanna at eg er Herren.

7  For so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg let Nebukadnesar, Babel-kongen, kongen yver kongane, koma mot Tyrus nordantil med hestar og vogner og ridarar og med ein her og mykje folk.

8  Døtterne dine på fastlandet skal han drepa med sverd, og han skal byggja skansar mot deg og kasta upp ein voll imot deg og reisa skjoldtak imot deg;

9  murstangaren sin skal han setja mot murane dine, og tårni dine skal han brotja ned med jarni sine.

10  Han hev so mange hestar at dei skal hylja deg i dumba; gnyen av ridarar og hjul og vogner skal få murane dine til å dirra, når han fer inn gjenom portane dine, som ein fer inn i ein herteken by.

11  Med hovane sine skal hestane hans trakka ned alle gatone dine; lyden din skal han drepa med sverd, og dei sterke stolpane dine skal stupa til jordi.

12  Dei skal rana din rikdom og gjera dine varor til herfang; dei skal brjota ned murar og riva ned dine herlege hus, og steinane dine og treverket ditt og dusti etter deg skal dei kasta på sjøen.

13  Dine ståkande songar let eg tagna, og ljomen av citarane dine skal ein aldri meir høyra.

14  Eg vil gjera det til ei snaudt svaberg; ein stad til å turka fiskegarn på skal du verta; du skal aldri verta uppatt-bygd; for eg, Herren, hev tale, segjer Herren, Israels Gud.

15  So segjer Herren, Israels Gud, til Tyrus: Sjå, havstrendene skal bivra for braket av ditt fall, når dei som er såra, styn, og dei drep og myrder midt inni deg.

16  Alle fyrstane ved havet skal stiga ned av sine høgsæte og leggja av seg kåpone sine og taka av seg sine rosesauma klæde; i redsla skal dei klæda seg, på jordi skal dei sitja og reddast kvar augneblink og fæla yver lagnaden din.

17  Dei skal setja i med ein syrgjesong yver det og segja til deg: Korleis er du lagd i øyde, du som fekk folk ifrå havi du namnfræge by, som var so mektig på havet, både du og dine ibuarar, som skaut skjelk i bringa på alle som budde der?

18  No reddast dei, øyane, den dagen du fell - utøyane i havet tek fæla av di endelykt.

19  For so segjer Herren, Israels Gud: Når eg gjer deg til ein øydelagd by, lik byar der det ikkje bur folk lenger, når eg sender dragsui uppetter deg og let storhavet gøyma deg,

20  då støyper eg deg ned med dei som fer ned i gravi, til fornalderfolket, og let deg bu i nedheimen, i røysar frå eldgamal tid, liksom dei som fer ned i gravi, so ingen skal bu i det meir; men eg vil gjera herlege ting* i landet åt dei levande.

21  Til ei skræma vil eg gjera deg, og du skal ikkje vera til meir; kor dei leitar etter deg, so skal dei ikkje finna det i all æva, segjer Herren, Israels Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23