Profeten Esekiel 22
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Du menneskeson! Vil du døma, vil du døma blodbyen? Minn han um all styggedomen hans
3 og seg: So segjer Herren, Israels gud. Dei som bur i deg, so tidi di skal koma, du som hev gjort deg ufysne avgudar og sulka deg med det!
4 Med blodet som du hev rent ut, hev du ført skuld yver deg, og med dei ufysne avgudane som du hev gjort, hev du sulka deg; du hev fenge dagane dine til å nærma seg og hev nått dine år; difor gjer eg deg til spe for folki og til spott for alle land.
5 Dei landi som er nær, og dei som er langt ifrå deg, skal spotta deg, du med ditt utskjemde namn og di vimande villa!
6 Sjå, Israels fyrstar i deg bruka alle sin arm til å renna ut blod.
7 Far og mor såg dei ned på hjå deg; mot den framande for dei fram med vald hjå deg; den farlause og enkja var dei harde med hjå deg.
8 Heilagdomane mine vanvyrde du, og sabbatane mine vanhelga du.
9 Baktalarar stod fram hjå deg til å renna ut blod, og på fjelli dine åt dei [avgudsoffer]*; skjemdarverk for dei med hjå deg.
10 Hjå deg nækte dei fars blygsel; hjå deg skjemde dei kvende som var ureine i sine månadstider.
11 Ein bar seg avstyggeleg åt mot kona åt næsten sin, ein annan skjemde ut sonekona si i skamlaus ulivnad, og endå ein annan skjemde syster si, dotter åt far sin, hjå deg.
12 Mutor tok dei hjå deg for å renna ut blod, renta og yvermål tok du, og mot næsten din for du med urett og vald, og meg gløymde du, segjer Herren, Israels Gud.
13 Men sjå, eg hev slege hendene i hop yver syndepengane du hev samla deg, og yver blodet du hev rent ut hjå deg.
14 Kann hjarta ditt standa seg eller hendene dine vera fullsterke i dei dagane då du fær med meg å gjera? Eg, Herren, hev sagt det, og eg skal setja det i verk.
15 Eg vil spreida deg millom folki og strå deg ikring i landi, og eg skal få all ureinska di av det.
16 Du skal varta vanhelga for augo på folki ved di eigi skuld, og du skal sanna at eg er Herren.
17 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
18 Menneskeson! Israels-lyden hev vorte til slagg for meg; alle i hop er dei som kopar og tin og jarn og bly i ein omn; sylvslagg hev dei vorte.
19 Difor segjer Herren, Israels Gud, so; etter di de hev vorte til slagg alle saman, sjå, so vil eg samla dykk i hop i Jerusalem.
20 Som ein samlar sylv og kopar og jarn og bly og tin i ein omn og blæs upp eld på det og smelter det, soleis vil eg samla dykk i hop i min vreide og harm og leggja dykk i omnen og smelta dykk.
21 Ja, eg vil sanka dykk saman og blåsa min vreide-eld på dykk, so de smelter i han;
22 som sylv smelter i ein omn, soleis skal de smelta der, og de skal sanna at eg, Herren, hev rent ut min harm yver dykk.
23 Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
24 Menneskeson, seg til det*: Du er eit land som ikkje er reinsa, som ikkje hev fenge skolregn på vreide-dagen
25 Eit samansvore lag er profetane der; dei er som ei burande løva, som ranar og røvar; dei øyder manneliv, dei tek gods og eigneluter; dei gjer mange til enkjor der.
26 Prestane der gjer vald på mi lov og vanhelgar heilagdomane mine; heilagt og vanheilagt gjer dei ikkje sil på, og dei lærer ikkje å skilja frå einannan ureint og reint; for sabbatane mine legg dei att sine augo, og eg vert vanhelga midt ibland dei.
27 Fyrstane der likjest vargar, som ranar og røvar; dei renner ut blod, dei tyner manneliv, so dei kann auka syndepengane sine.
28 Profetane stryk på kalk åt dei; dei skodar fåfengd og spår lygn åt dei og segjer: So segjer Herren, Israels Gud - endå Herren ikkje hev tala.
29 Landslyden fer med valdsverk og ranar og røvar, armingen og fatigmannen er dei harde med, og mot den framande gjer dei valdsverk utan lov og rett.
30 Eg leita millom dei etter ein mann som vilde mura upp ein mur og standa i gapet framfor mi åsyn til vern for landet, so eg ikkje skulde leggja det i øyde; men eg vann ingen.
31 So renner eg då ut min vreide yver dei; i min brennande harm gjer eg ende på dei; åtferdi deira let eg koma att på deira eige hovud, segjer Herren, Israels Gud.