«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 21

1  Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

2  Menneskeson! Snu andletet mot Jerusalem, og preika mot heilagdomane, og spå mot Israels-landet!

3  Og seg til Israels-landet: So segjer Herren: Sjå, eg kjem yver deg og dreg sverdet or slira og ryd ut or deg både rettferdige og gudlause.

4  Sidan eg vil rydja ut or det både rettferdige og ugudlege, so skal sverdet mitt fara utor slira mot alt kjøt, frå sud til nord.

5  Og alt kjøt skal sanna at eg, Herren, hev drege sverdet or slira; det skal ikkje verta innatt-stunge.

6  Men du, menneskeson, skal sukka so det knakar i dine lender; i svær verk skal du sukka for augo deira.

7  Og når dei so spør: Kvifor sukkar du? - so skal du svara: For ei tidend, for ho kjem, og då skal kvart eit hjarta bråna og alle hender siga og kvar ei ånd dovna og alle kne verta som vatn; sjå, det kjem, og det skal henda, segjer Herren Israels Gud.

8  Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

9  Menneskeson! Spå og seg: So segjer Herren: Seg: Eit sverd, eit sverd er kvest og slipt er det og.

10  Til å slakta med er det kvest, til å blikta som eldingen er det slipt. Eller skulde me fegnast, du min sons ætt*, som vanvyrder alt tre**?

11  Det skulde slipast til eit handyvle; det er kvest dette sverdet, og det er slipt til å koma i dråpsmanns hand.

12  Ropa og barma deg, menneskeson! For det kjem yver mitt folk, det kjem yver alle Israels fyrstar; dei er etla åt sverdet saman med mitt folk. Difor, slå deg på lendi!

13  For ei prøving er komi, og kva skulde ho råma, um ikkje den ætti som vanvyrder tukt? segjer Herren, Israels Gud.

14  Og du, menneskeson, spå og slå i hop hendene! Tvifelt, ja trifelt kjem sverdet, det sverdet som slær i hel mange, dette sverdet som slær i hel den store*, det som trugar dei frå alle leider.

15  Eit bliktande sverd set eg mot alle portane deira*, so hjarto skal bråna og støytesteinane vert mange; å, det er gjort til å ljona, kvest til å slakta med!

16  Tak deg på tak og hogg til høgre! Snu deg og hogg til vinstre! Dit som eggi di er etla!

17  Eg og vil slå i hop hendene og svale min harm; eg, Herren, hev tala.

18  Herrens ord kom åt meg, og det lydde so:

19  Du menneskeson, gjer deg tvo vegar, som sverdet åt Babel-kongen kann fara fram på! Frå eitt land skal dei ganga ut båe, og du skal rita ei hand* - rita henne der som vegane tek av til kvar by!

20  Ein veg skal du gjera som sverdet kann fara fram på til Rabba i Ammonitar-landet, og ein til Juda, inn i Jerusalem, den faste byen.

21  For Babel-kongen stend attmed vegemotet, der som båe vegane tek til, og vil taka varsel; han rister pilene, spør husgudane, skodar på levri.

22  I høgre handi fær han luten "Jerusalem"; der skal han setja upp murstangarar, lata upp munnen til herskrik, lata herrop ljoma - setja upp murstangarar mot portane, kasta upp ein voll og byggja skansar.

23  Men dei* tykkjer at dette er berre fåfengd spådom; dei hev då dei heilagste eidar** Men han*** minner um deira misgjerning, so dei skal verta tekne.

24  Difor segjer Herren, Israels Gud, so: For di de sjølve minner um dykkar misgjerning, med di dykkar brot vert openberra, so syndene dykkar vert synberre i alle dykkar verk - for di eg soleis vert mint um dykk, skal de verta tekne med handi.

25  Og du som er dømd frå livet, du gudløysing, du Israels fyrste, som dagen er komen for når den misgjerning er fullførd som fører til undergang -

26  so segjer Herren, Israels Gud: Tak huva av og lyft kruna ned! Det som no er, skal ikkje vera meir; det låge skal upp, det høge skal ned.

27  Eg vil snu upp ned, upp ned, upp ned på det som er; det skal ikkje vera gjort med det heller, til dess han kjem som retten eig*, og som eg gjev han til.

28  Du menneskeson, spå og seg: So segjer Herren, Israels Gud, um Ammons-borni og hædingsordi deira* Du skal segja: Eit sverd, eit sverd er drege, slipt til å slakta med, til å øyde til å ljona,

29  medan dei ser falske syner åt deg og spår deg lygn, so du kann verta lagd attmed halsane åt drepne gudløysingar*, som dagen er komen for når den misgjerning er fullførd, som fører til undergang.

30  Stikk sverdet i slira att! På den staden der du vart skapt, i det landet du er ætta ifrå, der vil eg døma deg.

31  Eg vil renna ut min harm yver deg, min vreide-eld vil eg lata loga mot deg og gjeva deg i hendene på villmenner, som er meistrar i tynarverk.

32  Du skal verta til mat åt elden, ditt blod skal verta utrent i landet ditt, ingen skal koma deg i hug meir; for eg, Herren, hev sagt det.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23