«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 20

1  I det sjuande året, den tiande dagen i femte månaden, kom nokre av styresmennene i Israel og vilde spyrja Herren, og dei sette seg framfor meg.

2  Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

3  Menneskeson! Tala med Israels styresmenner og seg til dei: So segjer Herren Israels Gud: Kjem de og vil spyrja meg? So visst som eg lever, so let eg ikkje dykk få spyrja meg, segjer Herren Israels Gud.

4  Vil du døma dei, vil du døma, menneskeson? Tala til dei um styggedomen åt federne deira

5  og seg til dei: So segjer Herren Israels Gud: Den dagen eg valde ut Israel, og rette handi i veret* for etterkomarane Jakobs hus og let dei verta kjende med meg i Egyptar-landet, då eg rette upp handi for dei og sa: Eg er Herren dykkar Gud -

6  den dagen rette eg handi i veret på at eg vilde føra dei ut or Egyptar-landet, og til eit land som eg hadde leita ut åt dei, eit land som fløymer med mjølk og honning, det fagraste av alle land.

7  Og eg sa til dei: Kvar og ein av dykk kasta burt dei styggetingi som augo dykkar heng ved, og gjer dykk ikkje ureine med Egyptar-lands ufysne avgudar! Eg er Herren dykkar Gud.

8  Men dei var trassige mot meg og vilde ikkje høyra på meg; dei kasta ikkje burt styggetingi som augo deira hekk ved, og Egyptar-lands ufysne avgudar vende dei seg ikkje ifrå. Då sa eg at eg vilde renna utyver dei min harm og lata all min vreide råma dei midt i Egyptar-landet.

9  Men det eg gjorde, det gjorde eg for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga for augo på dei folki som dei budde ibland, og som såg på at eg let dei verta kjende med meg og vilde føra dei ut or Egyptar-landet.

10  So førde eg dei ut or Egyptar-landet og let di koma inn i øydemarki.

11  Og eg gav dei bodi mine og kunngjorde dei mine lover; for det mennesket som held dei, skal leva ved dei.

12  Sabbatane mine gav eg dei og, so dei skulde vera til eit merke millom meg og dei - dei skulde vita at eg er Herren, som helgar dei.

13  Men Israels-lyden var trassig imot meg i øydemarki; dei levde ikkje etter bodi mine og vanda lovene mine, endå det mennesket som held dei, fær leva ved dei, og sabbatane mine vanhelga dei grovleg. Då sa eg at eg vilde renna ut min harm yver dei i øydemarki og tyna dei.

14  Men det eg gjorde, det gjorde eg for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga for augo på dei folki som såg på at eg førde dei ut.

15  Men eg rette og upp handi for dei i øydemarki og svor at eg ikkje vilde lata dei koma inn i det landet som eg hadde gjeve dei, det landet som fløymer med mjølk og honning, det fagraste av alle land,

16  for di dei vanda lovene mine og ikkje levde etter bodi mine og vanhelga sabbatane mine; for hjarta deira fylgde dei ufysne avgudane deira.

17  Men eg sparde dei og tynte dei ikkje; eg gjorde ikkje reint ende på dei i øydemarki.

18  So sa eg til borni deira i øydemarki: De må ikkje leva etter bodi åt federne dykkar og ikkje halda lovene deira og ikkje gjera dykk ureine med dei ufysne avgudane deira.

19  Eg er Herren dykkar Gud, lev etter mine bod og haldt mine lover og gjer etter dei!

20  Og haldt sabbatane mine heilage! Dei skal vera til eit merke millom meg og dykk, so de skal vita at eg, Herren er dykkar Gud.

21  Men borni var trassige mot meg; dei levde ikkje etter mine bod og heldt ikkje lovene mine, so dei gjorde etter dei, endå det mennesket som held dei, fær leva ved dei; sabbatane mine vanhelga dei. Då sa eg at eg vilde renna ut min harm yver dei og lata all min vreide råma dei i øydemarki.

22  Men eg tok handi mi attende, og det eg gjorde, det gjorde eg for mitt namn skuld, so det ikkje skulde verta vanhelga for augo på dei folki som hadde set på at eg førde dei ut.

23  Men eg rette og upp handi for dei i øydemarki og svor at eg vilde spreida dei millom heidningfolki og strå dei ut i landi,

24  for di dei ikkje heldt lovene mine, men vanda bodi mine og vanhelga sabbatane mine, og augo deira fylgde dei ufysne avgudane åt federne deira.

25  Difor gav eg dei og bod som ikkje var gode, og lover som dei ikkje kunne leva ved.

26  Eg let dei verta ureine med offergåvone sine, med di dei let ganga gjenom elden alt som opnar morsliv, so eg kunde tyna dei; dei skulde skyna at eg er Herren.

27  Tala difor til Israels-lyden, du menneskeson, og seg til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Med det og hædde dykkar feder meg at dei for med svik imot meg;

28  eg førde dei inn i det landet som eg med upprett hand hadde svore at eg vilde gjeva dei; men fyrst dei såg ein høg haug eller eit lauvrikt tre, so ofra dei der sine slaktoffer, og der bar dei fram sine offergåvor til å harmast av; dit kom dei med sin søte offerange, og der rende dei ut sine drykkoffer.

29  Då sa eg til dei: Kva er desse offerhaugane, sidan de kjem dit? - Og endå vert dei kalla offerhaugar den dag i dag.

30  Difor skal du segja til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Kva for noko? De gjer dykk ureine på same vis som federne dykkar og held dykk med styggetingi deira;

31  når de ber fram gåvone dykkar og let borni dykkar ganga gjenom elden, gjer de dykk endå den dag i dag ureine med dei ufysne avgudane dykkar - og so skulde eg lata dykk spyrja meg, du Israels-lyd? So visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, eg let dykk ikkje spyrja meg.

32  Og det som leikar dykk i hugen, skal aldri henda - når de segjer: Me vil vera som heidningane, som folki rundt ikring i landi; me vil dyrka tre og stein.

33  So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Eg vil rikja yver dykk med sterk hand og med strak arm og med utrend harm.

34  Med sterk hand og med strak arm og med utrend harm vil eg føra dykk ut frå dei folki og samla dykk frå dei landi som de no er spreidde i,

35  og føra dykk til folke-øydemarki, og der vil eg ganga til doms med dykk, andlet til andlet;

36  som eg gjekk til doms med federne dykkar i øydemarki attmed Egyptar-landet, soleis vil eg ganga til doms med dykk, segjer Herren, Israels gud.

37  Eg vil lata dykk ganga framum under hyrdingstaven og leid dykk inn i paktbandet,

38  og eg vil skilja ut frå dykk dei som sette seg upp imot meg og fall frå meg; ut or landet der dei bur i utlægd, vil eg føra dei, men til Israels-landet skal ingen av dei koma; og de skal sanna at eg er Herren.

39  Men høyr no, Israels-lyd! So segjer Herren, Israels Gud: Berre gakk, kvar ein av dykk, og ten dei ufysne avgudane dykkar! Men sidan skal de sant og visst høyra på meg og aldri meir vanhelga mitt heilage namn med gåvone dykkar og med dei ufysne avgudane dykkar.

40  For på mitt heilage fjell, på Israels høge fjell, segjer Herren; Israels Gud, der skal heile Israels-lyden tena meg, alle som i landet er; der vil eg hava hugnad i dei, og der vil eg spyrja etter offergåvone dykkar og etter fyrstegrøda som de ber fram av alt det de helgar.

41  For den søte angen skuld vil eg hava hugnad i dykk, når eg fører dykk ut frå dei folki og samlar dykk frå dei landi som de no er spreidde i, og syner min heilagdom på dykk for augo på heidningfolki.

42  Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fører dykk til Israels land, det landet som eg hev rett handi i veret på at eg vilde gjeva federne dykkar.

43  Der skal de minnast åtferdi dykkar og alle dei gjerningar som de hev gjort dykk ureine med, og de skal styggjast ved dykk sjølve for alt det vonde som de hev gjort.

44  Og de skal sanna at eg er Herren, når eg fer so åt med dykk, for mitt namn skuld og ikkje etter dykkar vonde åtferd og dykkar illgjerningar, du Israels-lyd, segjer Herren, Israels Gud.

45  Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

46  Menneskeson! Snu andletet mot sud og preika mot sud og spå imot skoglandet i sud*

47  Seg til sudlands-skogen: Høyr Herrens ord! So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kveikjer ein eld i deg, og han skal svida av kvart eit grønt tre og kvart eit turt tre i deg; den logande elden skal ikkje slokna, men han skal skambrenna kvart eit andlet frå sud til nord.

48  Og alt kjøt skal sjå at eg, Herren, hev kveikt han; han skal ikkje slokna.

49  Då sa eg: Å, Herre, Herre Dei segjer um meg: Han talar då berre i likningar.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23