Profeten Esekiel 19
1 Og du, set i med ein syrgjesong yver Israels fyrstar
2 og seg: Kvar er mor di? Ei løvemor. Millom løvor låg ho; millom ungløvor ol ho sine ungar.
3 Ho fødde upp ein av ungane sine*; ei ungløva vart han, han lærde å rana og røva, menner åt han.
4 Men heidningfolk fekk høyra um han; han vart fanga i deira grav, og med naseringar på vart han førd til Egyptar-land.
5 Då ho såg ho hadde venta til fåfengs, at all hennar von var spilt, so tok ho ein til av sine ungar* og gjorde ei ungløva av han.
6 Han sveiv ikring millom løvor, ei ungløva sjølv, og han lærde å rana og røva, menner åt han.
7 Han skjemde enkjone deira og la deira byar øyde, og landet og alt som der var, tok fæla av buringi hans.
8 Då sette dei garnet sitt upp imot han, folki frå fylki rundt ikring, og breidde det ut yver han; han vart fanga i gravi dei grov.
9 So gav dei han krok i nosi og sette han i eit bur og førde han til kongen i Babel; der sette dei han i ei tjukkmura borg, so ingen skulde høyra røysti hans meir på Israels-fjelli.
10 Medan du fekk vera i ro, var di mor som eit vintre planta attmed vatn; rikt på frukt og på greiner var det av alt det vatnet det hadde.
11 Det fekk sterke greiner, tenlege til styrarstavar, høgt voks det upp millom skyene, og det var audsynt for si høgd og dei mange rankane sine.
12 Då vart det rive upp i harm og kasta på jordi, og austanvinden forturka frukti; dei sterke greinene på det vart rivne av og torna; elden åt dei upp.
13 No er det planta i øydemarki, i eit land so turt og tyrst.
14 Og eld gjekk ut frå den kvistute greini*; Han øydde frukti, og det hev ikkje meir nokor sterk grein til styrarstav. - Ein syrgjesong er dette, og til ein syrgjesong skal det verta.