Profeten Esekiel 17
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson! Set fram ei gåta åt Israels-lyden og tala til dei i ei likning.
3 og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Den store ørnen med dei store vengene og dei lange slagfjørene, med tett og mangleta fjørham, kom til Libanon og tok toppen av sederen.
4 Han braut av øvste kvisten, og førde han til kjøpmannslandet og sette han ned i kremarbyen*.
5 So tok ho ein renning som voks der i landet, og sette han i dyrka jord; han sette han som ein piletein på ein stad der det var mykje vatn.
6 Og han voks og vart til eit vintre som breidde seg vidt ut, men var lågvakse, so rankane skulde venda seg til han*, og røtene vera under han. Og han vart til eit vintre som fekk greiner og skaut lauvrike kvister.
7 Men det var ein annan stor ørn med store venger og uven fjørham, og sjå vintreet krøkte røtene burtimot han, og frå den sengi der det var planta, tøygde det rankane burtåt han, so han skulde vatna det -
8 endå det var planta i god jord, på ein stad der det var mykje vatn, so det kunde skjota greiner og bera frukt og verta eit gildt vintre.
9 Seg: So segjer Herren Israels Gud: Skal det trivast? Skal ikkje føtene slitast upp og frukti rivast av, so det tornar? Kvart eit sprettande blad skal torna, og ingen kann få det til å renna upp av føtene, um han hev stor makt og mykje folk.
10 Sjå, det er planta; skal det trivast? Skal det ikkje torna, verta knas-turt, når austanvinden kjem burti det? I sengi der det veks, skal det torna.
11 Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
12 Seg til den trassige ætti: Veit de ikkje kva dette er? Seg: Sjå Babel-kongen kom til Jerusalem og tok kongen* og hovdingane der og førde dei med seg til Babel.
13 So tok han ein utav kongsætti* og gjorde ei pakt med han og let han gjera eiden, og dei mektige i landet tok han med seg -
14 han vilde at det skulde vera eit litevore kongerike og ikkje hevja seg upp, men halda pakti med han og standa seg.
15 Men han fall ifrå og let sine sendemenner fara til Egyptar-landet, so dei skulde gjeva han hestar og mykje folk. Skal han hava lukka med seg? Skal den som gjer slikt, sleppa undan? Skal han få brjota pakti og sleppa frå det?
16 So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: På den staden der han bur den kongen som gjorde han til konge - men eiden hans vanvyrde han, og pakti med han braut han - hjå han, midt i Babel skal han døy.
17 Og ikkje skal Farao hjelpa han i striden med ein stor her og mykje folk, når dei kastar upp ein voll og byggjer skansar til å tyna mange liv.
18 Han vanvyrde eiden og braut pakti, endå han hadde gjeve handtak. Alt dette hev han gjort; han skal ikkje sleppa undan.
19 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: So visst som eg lever: Eiden som han svor ved meg, men endå vanvyrde, og pakti som han gjorde med meg, men endå braut, skal eg visseleg lata koma att på hans hovud.
20 Eg vil breida ut garnet mitt yver han, og han skal verta fanga i mitt net, og eg vil føra han til Babel og ganga til doms med han der for hans svikferd mot meg.
21 Og alle som rømer frå alle fylkingane hans, skal falla for sverd, og dei som vert att, skal verta spreidde for alle vindar, og de skal sanna at eg, Herren, hev tala.
22 So segjer Herren, Israels Gud: Då vil eg taka ein kvist av toppen på den høge sederen og setja; av dei øvste kvistene vil eg brjota ein grann teinung, og eg vil setja han på eit høgt fjell.
23 På Israels høge fjell vil eg planta han, og han skal få greiner og bera frukt og verta eit gildt sedertre, og alle slag fuglar, alt som hev venger, skal bu under det; i skuggen av greinene på det skal dei bu.
24 Og alle trei på marki skal skyna at eg, Herren, hev gjort eit høgt tre lågt og eit lågt tre høgt, hev late eit grønt tre torna og eit turt tre grønkast; eg, Herren hev sagt det, og eg skal setja det i verk.