Profeten Esekiel 15
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson! Kva fyremun hev veden av vintreet framfor annan ved, den vintre-renningen som hev runne millom trei i skogen?
3 Tek ein ved av vintreet og brukar til noko slag gagnved? Eller lagar nokon ein nabb av han til å hengja noko slag bunad på?
4 Nei, ein nører elden med han; elden brenner båe endane, og midluten vert sviden; duger han vel då til vyrke?
5 Ikkje ein gong medan han var heil, var han brukande til vyrke; kor mykje minder når elden hev brent på han, og han er sviden! Skulde det då vera brukande til vyrke?
6 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Som det gjeng med veden av vintreet millom trei i skogen, den som eg nører elden med, soleis gjer eg og med Jerusalems-buane.
7 Eg vil kvessa augo imot dei; dei hev sloppe ut or elden, men elden skal endå øyda dei, og de skal sanna at eg er Herren, når eg kvesser augo imot dei.
8 Og eg vil gjera landet til ei audn, for di dei hev fare svikfullt åt segjer Herren, Israels Gud.