«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 14

1  Det kom til meg nokre av styresmennene i Israel og sett seg framfor meg.

2  Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

3  Menneskeson! Desse mennene hev gjeve dei ufysne avgudane sine rom i sitt hjarta, og det som er ein støytestein og fører dei til misgjerning, hev dei sett framfor augo sine; skulde eg lata dei spyrja meg?

4  Difor skal du tala med ei og segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Kvar og ein av Israels-lyden som gjev dei ufysne avgudane sine rom i sitt hjarta og set framfor augo sine det som er han ein støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten, honom vil eg, Herren, sjølv svara* so som han er verd for dei mange ufysne avgudane sine,

5  so eg kann gripa Israels-lyden i hjarta, for di dei alle saman hev vendt seg frå meg med dei ufysne avgudane sine.

6  Seg difor til Israels-lyden: So segjer Herren, Israels Gud: Vend um og vend dykk burt frå alle dei ufysne avgudane dykkar og vend dykkar åsyn burt frå all styggedomen dykkar!

7  For kvar og ein av Israels-lyden og av dei framande som bur i Israel, som skil seg frå meg og gjev dei ufysne avgudane sine rom i sitt hjarta og set framfor augo sine det som er han ein støytestein til misgjerning, og so kjem til profeten og vil hava han til å spyrja meg for seg, honom vil eg, Herren, sjølv svara på mi vis.

8  Eg vil kvessa augo mot den mannen og tyna han, so han vert til eit teikn og eit ordtøke, og rydja han ut og mitt folk, og de skal sanna at eg er Herren.

9  Og let profeten seg lokka og talar eit ord, so er det eg, Herren, som hev lokka den profeten, og eg vil retta ut handi mi mot han og øyda han ut or Israel, folket mitt.

10  Dei skal båe lida for si misgjerning; som det er med misgjerningi åt spyrjaren, so skal det vera med misgjerningi åt profeten,

11  so Israels-lyden ikkje meir skal villa seg burt frå meg og ikkje meir sulka seg med alle sine synder, men vera mitt folk, og eg deira Gud, segjer Herren, Israels Gud.

12  Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

13  Menneskeson! Når eit land syndar mot meg og fer svikfullt åt, og eg retter ut mi hand imot det og bryt sund brød-staven for det og sender svolt yver det og ryd ut or det både folk og fe,

14  um då desse tri menner var der i landet, Noah og Daniel og Job, so skulde dei med si rettferd berre kunna berga sitt eige liv, segjer Herren Israels Gud.

15  Um eg lét udyr fara igjenom landet, og dei gjorde det folketomt, og det vart ei audn, so ingen kunde ferdast det berre for udyri,

16  då skulde, so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, desse tri mennene, um dei var der, korkje kunna berga søner eller døtter; berre dei sjølve skulde verta berga, men landet skulde verta ei audn.

17  Eller um eg let sverd koma yver det landet og sa: Sverd skal fara igjenom landet, og eg rudde ut or det både folk og fe,

18  og desse tri mennene var der i landet - so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, dei skulde ikkje kunna berga søner og døtter, berre dei sjølve skulde verta berga.

19  Eller um eg sende sott i det landet og rende ut harmen min yver det med blod og rudde ut or det både folk og fe,

20  og Noah og Daniel og Job var der i landet - so visst som eg lever, segjer Herren Israels Gud, dei skulde ikkje kunna berga son eller dotter; berre sitt eige liv skulde dei berga ved si rettferd.

21  For so segjer Herren, Israels Gud: Enn når eg sender dei fire øgjelege straffedomane mine: sverd og svolt og udyr og sott yver Jerusalem til å rydja ut or det både folk og fe!

22  Like vel skal sume koma seg undan og verta att det, nokre søner og døtter, som vert burtførde; dei skal då koma ut til dykk, og de skal sjå deira åtferd og gjerningar; då skal de trøysta dykk etter ulukka som eg let koma yver Jerusalem, alt som eg let koma yver det.

23  Dei skal vera dykk til trøyst når de ser deira åtferd og gjerningar, og de skal skyna at eg ikkje utan grunn hev gjort alt det eg hev gjort imot det, segjer Herren Israels Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23