Profeten Esekiel 12
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson! Du bur midt ibland den trassige ætti, som hev augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei.
3 Og du menneskeson, bu deg til som du skal fara i utlægd, og far burt um dagen beint for augo på dei! Far frå der du bur, til ein annan stad beint for augo på dei! Kann henda dei då kunde koma til å sjå; for ei trassig ætt er dei.
4 Det som du kann få med deg, skal du bera ut høgstdags beint for augo deira, som du skulde fara i utlægd, og sjølv skal du taka ut um kvelden beint for augo deira, liksom folk som fer i utlægd.
5 Brjot deg eit hol i veggen beint for augo på dei og ber tingi dine ut igjenom det!
6 Beint for augo på dei skal du lyfta det upp på herdi; når det er stumende myrkt, skal du bera det ut; andletet ditt skal du sveipa inn, so du ikkje ser landet; for eg hev sett deg til eit varselsteikn for Israels-lyden.
7 Og eg gjorde so som han baud meg: Tingi mine bar eg ut i høgstdagsleite, som eg skulde fara i utlægd, og um kvelden braut eg meg eit hol i veggen med handi; då det var stumende myrkt vorte, bar eg tingi mine ut; eg tok dei på herdi beint for augo på dei.
8 Morgonen etter kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
9 Menneskeson! Hev ikkje Israels-lyden, den trassige ætti, sagt til deg: Kva er det du gjer?
10 Seg til dei: So segjer Herren Israels Gud: Denne flytjingi gjeld fyrsten* i Jerusalem og all Israels-lyden som er der inne.
11 Seg: Eg er eit varselsteikn for dykk; som eg hev gjort, so skal det gjerast med dei; fangar skal dei verta og i utlægd skal dei fara.
12 Og fyrsten som er hjå dei, skal taka byrdi si på herdi og fara ut medan det er stumende myrkt; dei skal brjota eit hol i muren og føra han ut gjenom det; andletet sitt skal han sveipa inn, so han ikkje skal sjå landet med sine augo.
13 Og eg vil breida ut garnet mitt yver han, og han skal verta fanga i mitt net. So vil eg føra han til Babel i Kaldear-landet - men det skal han ikkje sjå* - og der skal han døy.
14 Alle som er ikring han, hjelparane hans, og alle herflokkane hans vil eg spreida for alle vindar, og eg vil elta dei med drege sverd.
15 Då skal dei sanna at eg er Herren, når eg spreider dei millom folki og strår dei ut i landi.
16 Berre nokre få av dei vil eg lata vera att etter sverdet og svolten og sotti, so dei kann fortelja um all styggedomen deira millom folki som dei kjem til, og dei skal sanna at eg er Herren.
17 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
18 Menneskeson! Brødet ditt skal du eta bivrande, og vatnet ditt skal du drikka skjelvande og med otte.
19 Og du skal segja til landslyden: So segjer Herren, Israels Gud, um Jerusalems-buane i Israels land: Sitt brød skal dei eta med otte, og sitt vatn skal dei drikka med fælske, for di landet deira skal verta audt og snaudt for dei valdsverk skuld som alt folket der hev gjort.
20 Og dei byane som det no bur folk i skal verta lagde i øyde, og landet skal verta ei audn, og de skal sanna at eg er Herren.
21 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
22 Menneskeson! Kva er det for eit ordtøke de hev i Israels land, når de segjer: Dagane gjeng, og kvar ei syn vert upp i inkje?
23 Difor skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtøket, so dei aldri meir skal bruka det i Israel; men seg til dei: No er tidi nær då ordi i kvar ei syn skal verta sannrøynde!
24 For no heretter skal det ikkje finnast fåfengd syn eller dårande spådom i Israels hus;
25 for eg, Herren, talar det ordet eg talar, og det skal setjast i verk, det skal ikkje drygjast lenger ut; for i dykkar dagar, du trassige ætt, talar eg eit ord og set det i verk, segjer Herren, Israels Gud.
26 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
27 Menneskeson! Sjå, Israels-lyden segjer: Syni han ser, gjeld dagar som ikkje kjem so brått, og han spår um tider som endå er langt undan.
28 Difor skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: No skal ikkje noko av det eg hev sagt, drygjast ut lenger; det ordet eg talar, skal setjast i verk, segjer Herren, Israels Gud.