Profeten Esekiel 10
1 So fekk eg sjå at på den kvelven som var yver hovudi på kjerubane, var det eitkvart som såg ut til å vera ein safirstein, og det var på skap som ein kongsstol; ein kunde sjå han* yver dei.
2 Og han sa til mannen i linklædi: Gakk inn millom hjuli, inn under kjerubane, og tak nevane dine fulle med glør av dei som er millom kjerubane, og strå dei ut yver byen! Og han gjekk inn medan eg såg på det.
3 Kjerubane stod på høgre sida av huset då mannen gjekk inn, og skyi fyllte den indre fyregarden.
4 Og Herrens herlegdom lyfte seg frå kjerubane og flutte seg burt til dørstokken på huset; då fyllte skyi huset, og glansen av Herrens herlegdom fyllte fyregarden.
5 Og ljomen av kjerub-vengene høyrdest alt ut til den ytre fyregarden, som røysti åt den allmektige Gud når han talar.
6 Då han no sa til mannen i linklædnaden: Tak av den elden som er millom hjuli, millom kjerubane - so gjekk han inn og stana attmed hjulet.
7 Og den eine kjeruben rette ut handi si frå kjerubane burtåt elden som var millom kjerubane, og tok noko av han og la i hendene på mannen i linklædnaden; og han tok imot og gjekk ut.
8 Under vengene på kjerubane kunde ein sjå eitkvart på skap som ei mannshand.
9 Og eg fekk sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt hjul hjå kvar kjerub, og hjuli var sjåande til som krysolit.
10 Alle fire såg plent like eins ut; det var nett som eitt hjul skulde vera inni hitt.
11 Når dei gjekk, gjekk dei til alle fire sidone; dei snudde seg ikkje når dei gjekk, men i den leidi som den fremste snudde, gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 Og heile lekamen deira og ryggen og hendene og vengene og hjuli var fullsette med augo rundt ikring - alle dei fire hjuli deira.
13 Eg høyrde at hjuli vart kalla "kvervel".
14 Det var fire andlet på kvart; den fyrste hadde kjerub-andlet*, den andre manns-andlet, den tridje løve-andlet og den fjorde ørne-andlet.
15 Og kjerubane lyfte seg; det var dei levendi som eg hadde set attmed Kebarelvi.
16 Når kjerubane gjekk, so gjekk hjuli innmed dei, og når kjerubane lyfte vengene og vilde hevja seg upp frå jordi, skilde ikkje hjuli seg frå dei.
17 Når kjerubane stod, so stod dei og, og når kjerubane lyfte seg, so lyfte dei seg med dei; for åndi åt levendi var i dei.
18 So flutte Herrens herlegdom seg frå dørstokken på huset og vart standande yver kjerubane.
19 Og eg såg korleis kjerubane lyfte vengene og steig upp frå jordi då dei gjekk ut, og hjuli innmed dei; og dei stana attmed inngangen til Øystreporten på Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var uppyver dei.
20 Det var dei same levendi som eg hadde set under Israels Gud burtmed Kebarelvi, og eg skyna at det var kjerubar.
21 Det var fire andlet og fire venger på kvart eitt av dei, og eitkvart på skap som mannehender under vengene deira.
22 Og andleti deira liktest dei andleti eg hadde set attmed Kebarelvi; soleis såg dei ut, og soleis var dei; kvart eitt av dei gjekk beint fram.