«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 1

1  Det hende i det trettiande året, den femte dagen i fjorde månaden, medan eg var millom dei bortførde attmed Kebarelvi, at himmelen opna seg, og eg såg syner frå Gud.

2  Den femte dagen i månaden - det var endå det femte året etter kong Jojakin var burtført -

3  då kom Herrens ord til Esekiel Busison, presten, i Kaldear-landet attmed Kebarelvi. Herrens hand kom der yver han.

4  Eg såg, og sjå, ei stormflaga kom nordantil, ei stor sky med eld som loga i eino; ikring henne stråla og skein det, og midt inni, midt i elden, tedde det seg eitkvart nett som blenkjande malm.

5  Og midt inni tedde det seg noko som liktest på fire levande. Soleis var dei på skap: Dei hadde manneskapnad,

6  og fire andlet var det på kvart eitt av dei og fire venger på kvart eitt av dei.

7  Føtene deira var beine, fotblada var som kalveklauver, og dei glima som skinande kopar.

8  Og dei hadde mannehender under vengene på alle fire sidone, og alle fire hadde andlet og venger.

9  Vengene deira nådde i hop, den eine med hin; dei snudde seg ikkje når dei gjekk; kvart eitt av dei gjekk beint fram.

10  Deira andlet var som eit mannsandlet på skap, og alle fire hadde løveandlet på høgresida, og alle fire hadde ukse-andlet på vinstresida, og alle fire hadde ørne-andlet med.

11  Det var no andleti deira. Vengene deira breidde seg ut ovantil; med tvo av vengene sine nådde eitt levende i hop med hitt, og med tvo løynde det lekamen sin.

12  Kvart eitt av dei gjekk beint fram; kvar åndi vilde ganga, dit gjekk dei; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

13  Og levendi var å sjå til som glør, som brann liksom kyndlar; elden for att og fram millom levendi, og det skein av han, og ut or elden gjekk det ljon.

14  Og levendi for att og fram, nett som eldingar å sjå til.

15  Som eg såg på levendi, fekk eg sjå at det var eit hjul på jordi innmed kvart eitt av levendi, og det viste ut mot fire sidor.

16  Hjuli såg ut nett som dei skulde vera gjorde av eitkvart som liktest på krysolit, og alle fire var eins på skap, og det såg ut som dei var gjorde so at eitt hjul var inni hitt.

17  Til alle fire sidone kunde dei ganga; dei snudde seg ikkje når dei gjekk.

18  Hjulringane var høge og skræmelege, og so var dei fullsette med augo rundt ikring på alle fire hjuli.

19  Og når levendi gjekk, so gjekk hjuli attmed dei, og når levendi lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med.

20  Kvar åndi vilde ganga, gjekk dei, nett dit som åndi vilde ganga; og hjuli lyfte seg med dei, for åndi åt levendi var i hjuli.

21  Når levendi gjekk, so gjekk dei og, og når levendi stod, so stod dei og, og når dei lyfte seg frå jordi, so lyfte hjuli seg med, for åndi åt levendi var i hjuli.

22  Uppyver hovudi på levendi var det noko på skap som ein kvelv, som glimande krystall å sjå til, utspana uppyver hovudi deira.

23  Og uppunder kvelven rette vengene deira seg beint ut, so dei nådde i hop; kvart einskilt av dei hadde på båe sidor tvo venger som dei løynde lekamen sin med.

24  Når dei gjekk, høyrde eg ljomen av vengene deira; det var som duren av store vatn, som røysti åt den Allmektige, ein gny som gnyen frå eit herlæger; når dei stod stilt, let dei vengene siga.

25  Og det ljoma ei røyst uppyver kvelven som var yver hovudi deira; når dei stod stilt, let dei vengene siga.

26  Uppyver kvelven som var yver hovudi deira, var det noko som såg ut som safirstein, på skap som ein kongsstol, og uppå kongsstol-skapnaden sat det ein som liktest på eit menneske.

27  Og eg såg noko liksom blenkjande malm, sjåande til liksom eld med ein ljogard ikring, frå det som var sjåande til å vera lendene hans, og uppetter. Og frå det som var sjåande til å vera lendene hans, og nedetter såg eg noko liksom eld å sjå til, med eit strålande skin rundt ikring;

28  liksom syni av bogen i skyi på ein regndag, soleis var syni av skinet rundt ikring. Soleis såg Herrens herlegdom ut, slik som han synte seg for meg. Og då eg fekk sjå det, kasta eg meg å gruve og høyrde røysti av ein som tala.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23