Andre Mosebok 6
1 Då sa Herren til Moses: No skal du sjå kva eg vil gjera med Farao: Mi sterke hand skal nøyda han til å sleppa dei, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva dei ut or landet sitt.
2 Og Gud tala endå meir til Moses og sa til han: Eg er Herren.
3 Eg synte meg for Abraham og for Isak og for Jakob og nemnde meg Gud den allmektige, men dette namnet mitt, Herren, gjorde eg ikkje kunnigt for dei.
4 Og eg gjorde mi pakt med dei eg lova å gjeva dei Kana'ans-landet, det landet dei heldt til i då dei ferdast på jordi.
5 Og no hev eg høyrt korleis Israels-borni sukkar av di egyptarane held dei trældom, og eg minnest pakti mi.
6 Seg no til Israels-borni: Eg er Herren, eg vil taka av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
7 eg vil taka dykk til mitt folk og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket.
8 Og eg vil føra dykk til det landet som som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg er Herren.
9 Og Moses sa det til Israels-borni, men dei høyrde ikkje på han, av di dei var modlause og laut træla so hardt.
10 Då tala Herren til Moses og sa:
11 Gakk fram for Farao, egyptarkongen, og seg til han at han skal lata Israels-borni fara ut or landet sitt!
12 Og Moses svara og tok til ords, der han stod fram for augo åt Herren: Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som endå hev u-umskorne lippor!
13 Soleis tala Herren til Moses og Aron og sende dei til Israels-borni og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde føra Israels-borni ut or Egyptar-land.
14 No skal de høyra kva ættefederne deira hette: Sønene åt Ruben, eldste son åt Israel, det var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi. Dette er Rubens-ættene.
15 Sønene åt Simeon var Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Soar og Saul, som var son åt ei kvinna av Kana'ans-folket. Dette er Simeons-ættene.
16 So er namni på sønene åt Levi med ættgreinene deira: Gerson og Kahat og Merari. Og levedagane åt Levi vart hundrad og sju og tretti år.
17 Sønene åt Gerson var Libni og Sime'i med ættgreinene deira:
18 Sønene åt Kahat var Amram og Jishar og Hebron og Ussiel. Og levedagane åt Kahat vart hundrad og tri og tretti år.
19 Sønene åt Merari var Mahli og Musi. Dette er Levi-ættene etter ættetavla deira.
20 Amram tok Jokebed, farsyster si, til kona, og dei fekk sønene Aron og Moses. Og levedagane åt Amram vart hundrad og sju og tretti år.
21 Sønene åt Jishar var Korah og Nefeg og Sikri.
22 Sønene åt Ussiel var Misael og Elsafan og Sitri.
23 Aron tok Eliseba til kona; ho var dotter åt Amminadab og syster åt Nahson, dei fekk sønene Nadab og Abihu, Eleasar og Itamar.
24 Sønene åt Korah var Assir og Elkana og Abiasaf. Dette er Korah-ættene.
25 Eleasar, son åt Aron, tok ei dotter åt Putiel til kona, og dei fekk sonen Pinehas. Dette var gamlefederne åt Levi-folket med ættgreinene deira.
26 Desse mennene, Aron og Moses, var det Heren sa det til: Før Israels-borni ut or Egyptar-land, fylking etter fylking!
27 Dei var det som tala med Farao, kongen i Egyptar-land, og sa dei skulde føra Israels-folket ut or Egyptar-land, desse tvo mennene, Moses og Aron.
28 Og det gjekk so til at den gongen Herren tala til Moses i Egyptar-landet,
29 då sa Herren til Moses: Eg er Herren. Seg no til Farao, egyptarkongen, alt det eg segjer til deg!
30 Og Moses svara, der han stod for Herrens augo: Du veit eg hev u-umskorne lippor; er det då ventande at Farao vil høyra på meg?