«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 40

1  Då tala Herren til Moses og sa:

2  Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa tabernaklet, møtetjeldet.

3  Der skal du setja vitnemålskista og hengja forhenget attfor kista.

4  So skal du setja inn bordet, og på det skal du leggja det som på det skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken og setja upp lampone på han.

5  Det gullklædde røykofferaltaret skal du setja framanfor vitnemålskista og so skal du hengja upp teppet for døri til tabernaklet.

6  Brennofferaltaret skal du setja framanfor døri til tabernaklet, møtetjeldet,

7  og balja skal du setja millom møtetjeldet og altaret og hava vatn upp i henne,

8  og so skal du setja upp gjerdet kring fyregarden og hengja upp teppet i fyregardsporten.

9  Sidan skal du taka salvingsoljen og salva tabernaklet og alt som i det er, og helga både tabernaklet og all bunaden i det, so det vert heilagt.

10  Og du skal salva brennofferaltaret og alt det som til høyrer, og helga altaret, og då skal altaret vera høgheilagt.

11  Og du skal salva balja og foten ho stend på og helga henne.

12  So skal du kalla Aron og sønene hans burtåt møtetjelddøri og två dei med vatn,

13  og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden og salva han og helga han, og so skal han vera prest for meg.

14  Og sønene hans skal du og kalla fram og klæda dei med underkjolar

15  og salva dei, liksom du salva far deira, so dei kann vera prestar for meg, og salvingi skal gjeva dei retten til prestedømet, mann etter mann i all æva.

16  Og Moses gjorde so; han gjorde i alle måtar som Herren sa han fyre.

17  Den fyrste månaden i det andre året, den fyrste dagen i månaden, var det at tabernaklet vart reist.

18  Då reiste Moses tabernaklet: Han sette ned stabbane og reiste upp plankane, la inn tverrstengene og sette upp stolpane,

19  so spana han ut tjeldet yver tabernaklet, og la tjeldtaket ovanpå, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

20  So tok han og la vitnemålet ned i kista og sette stengene i og sette nådestolen ovanpå kista.

21  Og kista sette han inn i tabernaklet og feste upp forhengteppet so det hekk attfor vitnemålskista, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

22  So sette han bordet i møtetjeldet, innåt nørdre veggen, utanfor forhenget,

23  og la brødi i rader på det for Herrens andlet, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

24  Ljosestaken sette han og i møtetjeldet, midt for bordet, innmed søre veggen,

25  og sette upp lampone for Herrens åsyn, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

26  Det gullklædde altaret sette han og i møtetjeldet, framanfor forhenget,

27  og brende angande røykjelse på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

28  So hengde han upp teppet for døri til tabernaklet

29  og sette brennofferaltaret frammed døri til tabernaklet, møtetjeldet, og ofra brennoffer og matoffer på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

30  Balja sette han millom møtetjeldet og altaret og hadde vatn i henne som dei skulde två seg med,

31  og Moses og Aron og sønene hans tok av vatnet og tvo hender og føter;

32  kvar gong dei gjekk inn i møtetjeldet eller steig fram åt altaret, so tvo dei seg, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

33  So sette han upp garden kringum tabernaklet og altaret og hengde upp teppet i fyregardsporten, og so var Moses ferdig med verket.

34  Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte tabernaklet.

35  Og Moses kunde ikkje ganga inn i møtetjeldet av di at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte tabernaklet.

36  Og kvar gong skyi lyfte seg ifrå tabernaklet, tok Israels-borni ut; so gjorde dei på alle ferdene sine.

37  Men når skyi ikkje lyfte seg, so tok dei ikkje ut, men drygde til den dagen ho lyfte seg att.

38  For Herrens sky låg yver tabernaklet um dagen, og um natti skein ho som eld for augo åt alle Israels-borni på alle ferdene deira.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23