Andre Mosebok 4
1 Då svara Moses og tok so til ords: Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg.
2 Då sa Herren: Kva er det du hev i handi? Han svara: Ein stav.
3 Herren Sa: Kasta han på jordi! So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for han.
4 Då sa Heren: Rett ut handi og grip han i sporen! So rette han ut handi og treiv ormen, og då vart han til ein stav att i handi hans.
5 No lyt dei vel tru at Herren, Gud åt federne deira, hev synt seg for deg, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!
6 Og endå sa Herren til han: Stikk handi di barmen! So stakk han handi i barmen og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø.
7 Då sa Herren: Stikk Handi di i barmen endå ein gong! So stakk han handi i barmen att, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same leten som fyrr.
8 Og Herren sa. Um dei no ikkje trur deg og ikkje aktar på det fyrste teiknet, so trur dei då visst på det andre teiknet;
9 men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod med det same det kjem på marki.
10 Men Moses sa til Herren: Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.
11 Då sa Herren til Han: Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?
12 Gakk no berre, og eg skal vera med munnen din og lære deg kva du skal tala.
13 Men han sa: Å Herre, eg bed for meg! Send ein annan med det bodet, kven du vil!
14 Då vart Herren harm på Moses og sa: Hev du ikkje Aron, bror din, leviten? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg vert han hjarteleg glad.
15 Han skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal vera med både din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera.
16 Han skal tala til folket for deg; han skal vera munnen din, og du skal vera Gud for han.
17 Og denne staven skal du hava i handi; den er den du skal gjera teikni med.
18 So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sa han til han: Kjære deg, lat meg fara attende til til brørne mine i Egyptar-land og sjå um dei lever endå. Og Jetro svara: Far i fred!
19 I Midian sa Herren til Moses: Tak no i veg og far attende til Egyptar-land! For no er dei burte alle dei som leita etter deg og vilde taka livet ditt.
20 So tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på asnet og for attende til Egyptar-landet; og gudsstaven hadde han i handi.
21 Og Herren sa til Moses: Når du kjem attende til Egyptar-land, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev gjeve deg makt til, so Farao ser på det. Men eg vil gjera han strid i hugen, so han ikkje let folket fara.
22 Då skal du segja til Farao: So segjer Herren: Israel er son min, den eldste av sønene mine.
23 Og eg sa til deg: Lat son min fara, so han kann tena meg! Men du vilde ikkje lata han fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønene dine.
24 Då dei var no på vegen komne, hende det at Herren kom imot han i eit nattlæger og vilde drepa han.
25 Då tok Sippora ein kvass stein og skar av huveholdet på son sin og kasta det framfor føtene hans og sa: Du er meg ein blodbrudgom, du!
26 So let han honom vera. Det var umskjeringi ho tenkte på då hu sa "blodbrudgom".
27 Og Herren sa til Aron: Gakk ut i øydemarki, so møter du Moses! So gjekk han ut og råka Moses innmed Guds-fjellet og kysste han.
28 Og Moses sa med Aron kva ærend og ord Herren hadde sendt han med, og kva teikn han hadde sett han til å gjera.
29 So gjekk Moses og Aron og samla i hop alle dei øvste av Israels-borni.
30 Og Aron bar fram alle dei ordi som Herren hadde tala til Moses, og gjorde teikni so folket såg på det.
31 Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so la dei seg på kne og tilbad.