«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 39

1  Av den blå og purpurraude og karmosinraude ulli gjorde dei embetsskrudet til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædbunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

2  Messehakelen gjorde dei av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.

3  Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i den blå og purpurraude og karmosinraude ulli og det fine lingarnet med kunstvevnad.

4  So gjorde dei aksleband som var feste til kvarandre; med dei vart messehakelen hekta i hop på båe endane.

5  Beltet som vera på han og halda han i hop, var samvove med han og av same tyet - av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

6  So ferda dei til onykssteinane* og felte dei inn i fatingar av tvinna gull. Namni åt Israels-sønene var inngravne på dei som på ein seglring,

7  og dei vart sette på akslebandi åt messehakelen, so dei skulde minna Herren um Israels-borni, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

8  So gjorde dei bringeduken. Han var vent rosa liksom messehakelen, med gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.

9  Firkanta gjorde dei bringeduken og tvilagd; ei spann på lengdi og ei spann på breiddi var han og tvilagd.

10  Og fire rader med dyre steinar sette dei på han: I ei rad var ein karneol og ein topas og ein smaragd; det var fyrste radi.

11  I den andre radi var ein karfunkel og ein safir og ein diamant,

12  og i den tridje radi ein hyasint og ein agat og ein ametyst,

13  og i den fjorde radi ein krysolit og ein onyks og ein jaspis. Dei vart innfelte i fatingar av tvinna gull.

14  Steinane var tolv i talet etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ættene inngrave liksom på ein seglring.

15  So laga dei lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

16  Og dei gjorde tvo gullsylgjor og tvo gullringar og sette ringane i kvar sitt hyrna på bringeduken.

17  Dei tvo gullsnorene feste dei i dei tvo ringane som sat i hyrno på bringeduken,

18  og dei hine tvo endane av båe snorene feste dei i dei tvo sylgjone, og sylgjone sette dei på akslebandi åt messehakelen, på framsida.

19  So gjorde dei tvo andre gullringar og sette dei i dei hine tvo hyrno på bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

20  Og endå tvo gullringar gjorde dei og sette på båe akslebandi åt messehakelen, nedantil på framsida, der som han vert hekta i hop, ovanfor beltet,

21  og so batt dei med ei blå ullsnor ringane på bringeduken i hop med ringane på messehakelen; so bringeduken sat ovanfor beltet og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

22  So gjorde dei prestekjolen som var til å bera under messehakelen; han var voven og all igjenom av blå ull.

23  Midt på prestekjolen var det eit halssmog som på ei brynja, og kringum halssmoget ei borda, so ho ikkje skulde rivna.

24  I falden på kjolen nedantil sette dei granateple av tvinna blått purpurraudt og karmosinraudt ullgarn,

25  so gjorde dei bjøllor av skirt gull og sette rundt ikring på kjolefalden, millom granatepli:

26  fyrst ei bjølla og eit granateple, so ei bjølla og eit granateple att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

27  So gjorde dei vovne underkjolar av fint lin til Aron og sønene hans,

28  og ei huva av fint lin og prydelege hovudplagg av fint lin og lereftsbrøker av fint tvinna lingarn,

29  og eit belte av fint, tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull med utsauma rosor, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

30  So gjorde dei gullspongi, det heilage hovudgullet og på den grov dei inn som i ein seglring: Helga til Herren,

31  og dei sette ei snor av blå ull i henne og feste henne ovantil på huva, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

32  No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt tabernaklet, møtetjeldet, og Israels-borni hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.

33  So kom dei då til Moses med tabernaklet: tjeldet med alt det som høyrde til det: krokane og plankane og tverrstengene og stolpane og stabbane

34  og det raudleta verskinnstaket og takasskinns-taket og forhengteppet,

35  vitnemålskista med berestengene og nådestolen,

36  bordet med alle dei ting som høyrde til det, og skodebrødi,

37  gull-ljosestaken med lampone som skulde setjast i rad og alt anna som høyrde til, og oljen til ljosestaken,

38  gullaltaret og salvingsoljen, den angande røykjelsen og teppet til tjelddøri,

39  koparaltaret med kopargrindi og berestengene og alt anna som høyrde attåt, balja og foten ho skulde standa på,

40  umhengi til fyregarden med stolpane og stabbane som høyrde til, og teppet til fyregardsporten og togi og pålane og alt det som skulde brukast til tenesta i tabernaklet, i møtetjeldet,

41  embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden til Aron, presten, og presteklædi til sønene hans.

42  Som Herren hadde sagt Moses fyre, heiltupp soleis hadde Israels-borni gjort alt arbeidet.

43  Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det solis som Herren hadde sagt, so velsigna han dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23