Andre Mosebok 35
1 Og Moses kalla i hop heile Israels-lyden og sa til dei: Høyr no kva Herren vil de skal gjera:
2 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag kvild, ein høgheilag sabbat for Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
3 Ingen av dykk må kveikja upp eld i huset sitt på sabbatsdagen.
4 Og Moses sa til heile Israels-lyden: Høyr no kva Herren segjer og vil:
5 Tak ut ei reide til Herren av det som de eig! Alle som hev hjartelag til å gjeva noko, lyt koma med det, med reida til Herren: gull og sylv og kopar
6 og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn og geiteragg
7 og raudleta verskinn og takasskinn og akasietre
8 og olje til ljosestaken og kryddor til salvingsoljen og til den angande røykjelsen
9 og onykssteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
10 Og dei av dykk som hev kunstgivnad, skal koma og gjera alt det som Herren hev sagt:
11 tabernaklet med raggeteppi og taket og krokane og plankane og tverrstengene og stolpane og stabbane,
12 kista og stengene som ho skal berast etter, og nådestolen og forhengsteppet,
13 bordet med berestengene og alt anna som til høyrer, og skodebrødi,
14 ljosestaken med det som høyrer til, og lampone og oljen til ljosestaken,
15 røykofferaltaret med berestenger som høyrer attåt, og salvingsoljen og den angande røykjelsen og dørteppet til tabernakeldøri,
16 brennofferaltaret med kopargrindi og berestengene og alt anna som høyrer til, balja med foten under,
17 umhengi til fyregarden med stolpane som høyrer attåt, og stabbane som dei skal standa på, og teppet til fyregardsporten,
18 pålane til tabernaklet og til fyregarden og togi som skal bindast i dei,
19 embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi til sønene hans.
20 So gjekk heile Israels-lyden burt frå Moses,
21 og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.
22 Dei kom, både menner og kvinnor, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som dei vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
23 Og alle som hadde blå eller purpurraud eller karmosinraud ull eller fint lingarn eller geiteragg eller raudleta verskinn eller takasskinn, dei kom med det.
24 Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akasietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.
25 Kvar ei kvinna som skyna seg på sovore arbeid, spann med sine eigne hender og kom med spunen: blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn.
26 Og alle kvinnor som hadde hug og dug til det, spann geiteragget.
27 Hovdingane kom med onykssteinar og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken,
28 og med kryddor og olje åt ljosestaken og til salvingsoljen og den angande røykjelsen.
29 Kvar mann og kvinna av Israels-borni som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom friviljugt med ei gåva til Herren.
30 So sa Moses til Israels-borni: Høyr her! Herren hev kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti
31 og fyllt han med Guds Ande, med visdom og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
32 so han kann tenkja ut kunstverk og smida dei ut i gull og i sylv og i kopar,
33 ferda til glimesteinane som skal fellast inn, og skjera ut i tre og greida allslags kunstarbeid.
34 Og gåva til å læra frå seg hev han lagt både i han og Oholiab, son åt Akisamak, av Dans-ætti.
35 Han hev fyllt dei med kunstnargivnad, so dei kann både smida og snikra og gjera åklæde med innvovne bilete og rosor av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn og veva kva dei vil, allslags arbeid kann dei greida og kunstverk kann dei tenkja ut.