Andre Mosebok 31
1 Og Herren tala til Moses og sa:
2 Sjå no hev eg kåra og kalla Besalel, son åt Uri Hursson, av Juda-ætti
3 og fyllt han med Guds ande, med visdom og vit og kunnskap og godt lag til alt handverk,
4 so han kann tenkja ut kunstverk og smida dei ut både i gull og i sylv og i kopar,
5 og ferda til glimesteinane som skal fellast inn, og skjera ut i tre og greida allslags kunstarbeid.
6 Og til hjelpesmann hev eg gjeve han Oholiab, son åt Akisamak, av Dans-ætti, og i hjarta åt alle hage menner hev eg lagt visdom, so dei kann laga alt det eg hev sagt deg:
7 møtetjeldet, kista til vitnemålet og nådestolen som skal vera yver henne, og all husbunaden i tjeldet,
8 bordet med alt som til det høyrer og gull-ljosestaken med alt det som høyrer til den, og røykofferaltaret,
9 og brennofferaltaret med alt som høyrer attåt, og balja med foten under,
10 og embetsskrudet, og den heilage klædebunaden åt Aron, presten, og presteklædi åt sønene hans,
11 og salvingsoljen og den angande røykjelsen til heilagdomen. Dei skal i eitt og alt gjera so som eg hev sagt deg.
12 Og Herren tala til Moses og sa:
13 Tala du til Israels-borni og seg: Gløym no ikkje å halda sabbatane mine! For det skal vera eit merke millom meg og dykk frå ætt til ætt, so de skal vita at eg er Herren som helgar dykk.
14 Difor skal de halda sabbaten; han skal vera dykk heilag. Den som vanhelgar han, skal visst og sant lata livet; kvar mann som då gjer noko arbeid, han skal rydjast ut or folket sitt.
15 Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal det vera høgheilag sabbat, heilag for Herren. Kvar den som hev noko arbeid fyre seg på sabbatsdagen, skal døy.
16 So skal då Israels-borni koma i hug sabbaten, so dei held han ætt etter ætt; det skal vera ei pakt i all æva.
17 Han skal vera eit æveleg merke millom meg og Israels-borni. For i seks dagar skapte Herren himmelen og jordi, men den sjuande dagen kvilde han og heldt seg roleg.
18 Då han hadde tala til endes med Moses på Sinai-fjellet, gav han honom dei tvo vitnemålstavlone; det var steintavlor som Gud hadde skrive på med fingeren sin.