Andre Mosebok 30
1 So skal du gjera eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du gjera det,
2 ei alen langt og ei alen breidt; firkanta skal det vera og tvo alner høgt og hava horn som er samgjorde med det.
3 Du skal klæda det med skirt gull både ovanpå og rundt ikring på sidone og på horni, og gjera ein gullkrans på det heilt ikring.
4 Nedanfor kransen på dei tvo sidone skal du setja tvo gullringar, tvo på kvar sida, dei skal det smøygjast stenger inn i til å bera altaret etter.
5 Stengene skal du gjera av akasietre og klæda dei med gull.
6 Dette altaret skal du setja framanfor forhenget som heng attfor vitnemålskista, beint framanfor nådestolen som er uppyver vitnemålet, der som eg vil møtast med deg.
7 Og Aron skal brenna angande røykjelse på det; kvar morgon når han steller lampone, skal han brenna røykjelsen,
8 og det same skal han gjera når han set upp lampone i kveldingi. Dette røykofferet skal de og etterkomarane dykkar dagstødt bera fram for Herren.
9 De må ikkje ofra framand røykjelse på altaret, og ikkje brennoffer eller matoffer; heller ikkje må de hella ut drykkoffer på det.
10 Ein gong um året skal Aron gjera soning for altarhorni; med blodet av sonings-syndofferet skal han og etterkomarane hans ein gong um året gjera soning for altaret, mann etter mann; det er høgheilagt for Herren.
11 Og Herren tala til Moses og sa:
12 Når du held manntal yver Israels-borni, so skal alle dei som kjem med i manntalet, gjeva Herren løysepengar for livet sitt med same de vert talde, so det ikkje skal koma nokor ulukka yver dei for teljingi skuld.
13 Ein halv sekel i heilag mynt - etter tjuge gera i sekelen - skal kvar gjeva som kjem med i manntalet. Denne halve sekelen er ei reida til Herren.
14 Alle dei som kjem med i manntalet, frå tjugeårsalderen og uppetter, skal leggja denne reida til Herren.
15 Dei rike skal ikkje gjeva meir og dei fatige ikkje mindre enn ein halv sekel når de legg denne reida åt Herren til løysepengar for livet dykkar.
16 Og du skal taka imot løysepengane av Israels-borni og bruka dei til arbeidet i møtetjeldet*, so det kann vera ei minning um Israels-borni for Herrens åsyn og ein løysepening for livet dykkar.
17 Og Herren tala til Moses og sa:
18 Du skal gjera ei tvåttebalja av kopar; foten under henne skal og vera av kopar, og du skal setja henne millom møtetjeldet og altaret og hava vatn i henne.
19 Og Aron og sønene hans skal taka av vatnet og två hendene og føtene sine;
20 kvar gong dei gjeng inn i møtetjeldet, skal dei två seg i vatnet, so dei ikkje skal lata livet, og like eins når dei stig fram åt altaret og skal gjera tenesta og brenna eldoffer for Herren.
21 Dei skal två hender og føter; elles lyt dei døy. Det skal vera ei lov for han og ætti hans, mann etter mann, i all æva.
22 Og Herren tala til Moses og sa:
23 Få deg angande kryddor av dei gjævaste som er: sjølvrunnen myrra, fem hundrad sekel, og kryddekanel, helvti so mykje eller tvo hundrad og femti sekel, og kryddekalmus, hundrad og femti sekel,
24 og kassia, fem hundrad sekel, alt etter heilag vekt, og so ein hin av den finaste bæroljen.
25 Av det skal du laga ein heilag salvingsolje, ei kryddesalva, soleis som salvelagarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera,
26 og med den skal du salva møtetjeldet og vitnemålskista
27 og bordet med alt det som til høyrer, og ljosestaken med det som høyrer til han, og røykofferaltaret
28 og brennofferaltaret med alt det som til høyrer, og balja med foten ho stend på.
29 Du skal helga dei, so dei vert høgheilage; kvar den som kjem nær dei, skal vera heilag.
30 Og Aron og sønene hans skal du salva og helga, so dei kann vera prestar for meg.
31 Og du skal tala til Israels-borni og segja: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk frå ætt til ætt.
32 Han må ikkje koma på lekamen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan olje som er soleis blanda som denne. Heilag er han, og heilag skal de halda han.
33 Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, han skal rydjast ut or folket sitt.
34 Og Herren sa til Moses: Få deg røykjekryddor: stakte og angeskjel og galban, desse tri kryddeslagi, og so rein angekvåda, like mykje av kvart!
35 Det skal du gjera røykjelse av, ei kryddeblanding slik som salveblandarane lagar, salta, rein, heilag.
36 Noko av det skal du mylja smått og leggja framfor vitnemålet i møtetjeldet, der som eg vil møtast med deg; høgheilagt skal de halda det.
37 Røykjelse som er soleis blanda som denne, må de ikkje laga åt dykk sjølve; heilag for Herren skal du halda han.
38 Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.