Andre Mosebok 29
1 Høyr no kva du skal gjera med dei når du helgar dei til å vera prestar for meg: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,
2 og so usyrt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl.
3 Du skal leggja det i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi og leida fram uksen og verane.
4 Aron og sønene hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två dei med vatn.
5 So skal du taka klædebunaden og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen og hava på han messehakelen og bringeduken og binda beltet um han
6 og setja huva på hovudet hans og den heilage gullspongi* i huva,
7 og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva han.
8 So skal du kalla fram sønene hans og klæda dei med kjolar
9 og spenna beltet um dei, både um Aron og sønene, og binda hovudplagg på dei, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du fylla hendene åt Aron og sønene hans.
10 Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt uksen.
11 Du skal slakta uksen framfor augo åt Herren innmed døri til møtetjeldet.
12 So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet, skal du hella ut innmed altarfoten.
13 Heila netja og den store levreflaga og båe nyro med talgi som er på dei, skal du taka og brenna på altaret.
14 Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Det er eit syndoffer.
15 So skal du taka den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til veren.
16 Og du skal slakta han og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret.
17 Sjølve veren skal du lema sund, innvolen og føtene skal du två og leggja ovanpå lemene og hovudet.
18 Og so skal du brenna heile veren på altaret; det er eit brennoffer åt Herren, ein kveikjande ange; eit eldoffer for Herren er det.
19 So skal du taka den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.
20 Og du skal slakta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønene hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.
21 So skal du taka noko av det blodet som er på altaret, og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønene hans og klædi deira, so vert han heilag, både han sjølv og klædi hans, og like eins sønene hans og klædi deira.
22 Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store levreflaga og båe nyro med talgi som er på dei, og so det høgre låret; for dette er vigsle-veren.
23 Og or usyrdebrød-korgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv.
24 Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
25 Sidan skal du taka det utor hendene deira og brenna det på altaret i hop med brennofferet so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer for Herren.
26 So skal du taka bringa av vigsle-veren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut.
27 Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsle-veren åt Aron og sønene hans, det skal du lysa heilagt;
28 det skal vera retten åt Aron og sønene hans hjå Israels-borni i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-borni skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå dei til Herren.
29 Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønene hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og vigde til prestar.
30 Sju dagar skal den av sønene som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som ganga inn i møtetjeldet og gjera tenesta i heilagdomen.
31 Du skal taka vigsle-veren og koka kjøtet på ein heilag stad.
32 Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønene hans eta innmed døri til møtetjeldet.
33 Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert vigde til prestar og helga. Men uvigde folk må ikkje eta av det; for det er heilagt.
34 Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt.
35 Soleis er det du skal gjera med Aron og sønene hans; du skal i alle måtar gjera som eg hev sagt deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara.
36 Kvar dag skal du ofra ein ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd med di du gjer soning for det, og du skal salva det og helga det.
37 Sju dagar skal du gjera soning for altaret og helga det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, vert heilag.
38 Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.
39 Det eine lambet skal du ofra um morgonen og det andre soleglads bel.
40 Tiandeparten av ein efa* fint mjøl, blanda med ein fjordeparten av ein hin olje av sundstøytte oljebær, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ein fjordparten av ein hin vin.
41 Det andre lambet skal du ofra soleglads bel; med same matofferet som um morgonen og same drykkofferet skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, eit eldoffer for Herren.
42 Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn innmed døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til dykk.
43 Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og tjeldet skal helgast av herlegdomen min.
44 Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga, so dei kann vera prestar for meg.
45 Eg vil bu midt imillom Israels-borni og vera deira Gud,
46 og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud, som leidde dei ut or Egyptar-landet og vil bu midt millom dei. Eg er Herren deira Gud.