«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 28

1  So skal du kalla Aron, bror din fram for Israels-lyden, både han og sønene hans, og setja dei til prestar for meg - Aron og Nadab og Abihu og Eleasar og Itamar, sønene hans Aron.

2  Og du skal gjera Aron, bror din, heilage klæde til æra og prydnad.

3  Du skal tala med alle dei som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg når han vert helga til å vera prest for meg.

4  Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønene hans, so han kann vera presten min,

5  og til det skal dei bruka gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn.

6  Messehakelen skal dei gjera av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Han skal vera vent voven

7  og hava tvo aksleband som kann festast til kvarandre, eitt på kvar ende; dei skal vera til å hekta han i hop med.

8  Det skal vera eit belte på han til å halda han i hop med, og det skal vera like eins voven som messehakelen og samvove med han, gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.

9  So skal du taka tvo onykssteinar*, og på dei skal du grava inn namni åt Israels-sønene,

10  seks på kvar stein etter alderen;

11  på same måten som dei skjer ut i stein eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønene på desse tvo steinane, og so skal du fella dei inn i fatingar av tvinna gull.

12  Båe steinane skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-borni; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni deira på båe herdane til ei minning.

13  Sidan skal du gjera sylgjor av tvinna gull

14  og tvo lekkjor av skirt gull; dei skal vera slyngde på same måten som dei slyngjer snorer. Desse snorlekkjone skal du festa til sylgjone.

15  So skal du gjera ein domsbringeduk*. Vent voven skal han vera, som messehakelen; av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn skal du gjera han.

16  Han skal vera firkanta og tvilagd, ei spann på lengdi og ei spann på breiddi

17  og sett med innfelte steinar som stend i fire rader. I ei rad skal vera ein karneol og ein topas og ein smaragd; det er den fyrste radi.

18  I den andre radi skal vera ein karfunkel og ein safir og ein diamant,

19  og i den tridje radi ein hyasint og ein agat og ein ametyst,

20  og i den fjorde radi ein krysolit og ein onyks og ein jaspis. Dei skal vera innfelte i fatingar av tvinna gull.

21  Steinane skal vera tolv i talet, etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave som på eit seglring.

22  So skal du gjera lekkjor av skirt gull, slyngde som snorer, til bringeduken.

23  Og du skal gjera tvo gullringar til han; dei skal du setja i kvar sitt hyrna på bringeduken,

24  og dei tvo gullsnorene skal du festa i dei tvo ringane som sit på hyrno av bringeduken.

25  Dei hine tvo endane av båe snorene skal du festa i dei tvo sylgjone*, og sylgjone skal du setja på akslebandi til messehakelen på framsida.

26  So skal du gjera tvo andre gullringar og setja i dei hine tvo hyrno av bringeduken, på den sida som vender inn imot messehakelen.

27  Og endå tvo gullringar skal du gjera og setja på båe akslebandi åt messehakelen nedantil på framsida, der som han er hekta i hop, ovanfor beltet.

28  So skal dei binda ringane på bringeduken til ringane på messehakelen med ei snor av blå ull, so bringeduken kjem til å sitja ovanfor beltet og ikkje kann rikkast frå messehakelen.

29  Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor Herrens åsyn, då skal han bera namni åt Israels-sønene innmed hjarta sitt, i domsbringeduken, so Herren all tid skal koma dei i hug.

30  Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim*; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.

31  Prestekjolen som er til å bera under messehakelen til, skal du gjera av blå ull all igjenom.

32  Midt på han skal det vera eit halssmog med ei vovi borda ikring, som halssmoget på ei brynja, so han ikkje skal rivna.

33  Rundt ikring falden nedantil skal du setja granateple av blå og purpurraud og karmosinraud ull og imillom dei gullbjøllor alt ikring,

34  fyrst ei gullbjølla og eit granateple, so ei gullbjølla og eit granateple att, og soleis rundt um heile falden på kjolen.

35  Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han gjer tenesta, so ljoden av han kann høyrast når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att - so han ikkje skal døy.

36  So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn som på ein seglring: Helga til Herren.

37  Du skal festa henne i huva med ei snor av blå ull; framme på huva skal ho sitja.

38  Uppyver panna hans Aron skal ho sitja, so Aron kann bera den syndi som heng ved dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei heilage gåvone som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver panna hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.

39  So skal du gjera ein brogdut underkjole av fint lin og ei huva av fint lin og eit belte med rosesaum.

40  Og til sønene hans Aron skal du gjera underkjolar, og du skal gjera dei belte, og hovudplagg skal du gjera dei, til æra og til prydnad.

41  Med dette skal du klæda Aron, bror din, og sønene hans, og so skal du salva dei og fylla hendene deira* og helga dei, so dei kann vera prestar for meg.

42  So skal du gjera dei lereftsbrøker til å gøyma blygsli si med; frå mjødmane og ned på låri skal brøkene nå.

43  Og dei skal Aron og sønene hans hava på seg når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og skal gjera tenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for han og ætti hans i all æva.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23