«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 27

1  Du skal gjera eit altar av akasietre, fem alner langt og fem alner breidt; firkanta skal altaret vera og tri alner høgt.

2  På kvart av dei fire hyrno skal du gjera eit horn, og horni skal vera i eitt med altaret; og du skal klæda det med kopar.

3  Sidan skal du gjera dei oskefati som høyrer til, og eldskuflene og blodbollane og steikjespiti og glodpannone; alle desse gognene skal du gjera av kopar.

4  So skal du laga ei kopargrind til altaret, på gjerd som eit net. På den grindi skal du gjera fire koparringar, ein i kvart hyrna,

5  so skal du setja henne under altarskori nedantil, so ho rekk midt uppå altaret.

6  So skal du gjera stenger til altaret. Dei skal vera av akasietre, og du skal klæda dei med kopar;

7  dei skal smøygjast inn i ringane, so dei er på båe sidor av altaret når det vert bore.

8  Altaret skal du gjera av bord; det skal vera holt. Som det vart synt deg på fjellet, so skal det gjerast.

9  Du skal gjera ein fyregard kring tabernaklet. På solsida, mot sud, skal det vera eit umheng kring fyregarden av fint tvinna lingarn; det skal vera hundrad alner langt på den sida.

10  Stolpane til umhenget og stabbane dei stend på, skal vera av kopar og tjuge i talet; men hakane og teinane som høyrer til, skal vera av sylv.

11  Sameleis på den nørdre langsida eit umheng som er hundrad alner langt, med tjuge stolpar og stabbar av kopar og hakar og teinar av sylv.

12  På den eine tverrsida av fyregarden, mot vest, skal det vera eit umheng på femti alner; til det skal det vera ti stolpar og under dei ti stabbar.

13  På den andre tverrsida, den som snur frametter, mot aust, skal fyregarden halda femti alner på breiddi.

14  Femtan alner umheng skal det vera på den eine ledi, med tri stolpar og stabbane som høyrer til,

15  og på den andre leidi og femtan alner umheng og tri stolpar med kvar sin stabbe;

16  og i fyregardsporten skal det vera eit forheng av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn, tjuge alner breidt og utsauma med rosor; stolpane som det skal festast til, og stabbane dei stend på, skal vera fire i talet.

17  Alle stolpane kring fyregarden skal vera bundne i hop med sylvteinar; hakane på dei skal vera av sylv og stabbane under dei av kopar.

18  Lengdi på fyregarden skal vera hundrad alner, og breiddi på båe sidor femti alner. Umhenget skal vera av fint tvinna lingarn og fem alner høgt. Stabbane til det skal vera av kopar.

19  Alle arbeidsgognene i tabernaklet og alle pålane, både til tabernaklet og fyregarden, skal vera av kopar.

20  Seg no du til Israels-borni at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljebær til ljosestaken, so lampone kann setjast upp til kvar tid.

21  I møtetjeldet*, utanfor forhenget som heng attfor vitnemålet, skal Aron og sønene hans stella lampone, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-borni, ætt etter ætt, i all æva.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23