«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 26

1  Tabernaklet skal du gjera av ti åklædevever av fint tvinna lingarn og blå og purpurraud og karmosinraud ull, og i dei skal du veva inn kjerubar i kunstvevnad.

2  Kvar vev skal vera åtte og tjuge alner lang og fire alner breid; alle vevene skal halda same målet.

3  Fem av vevene skal skøytast i hop til eitt teppe, og sameleis dei andre fem vevene.

4  I jaren på den fyrste veven, ytst på det eine teppet, skal du gjera lykkjor av blå ull, og sameleis i jaren på den ytste veven i det andre teppet.

5  Femti lykkjor skal du gjera på den eine veven, og femti lykkjor i jaren av den som høyrer til det andre teppet; lykkjone skal svara mot kvarandre.

6  Og femti gullkrokar skal du gjera og hekta åklædeteppi i hop, so det vert eit hus av dei.

7  So skal du veva ryor av geiteragg til tekkja yver tabernaklet; elleve sovorne ryor skal du veva.

8  Kvar vev skal vera tretti alner lang og fire alner breid; alle dei elleve vevene skal halda same målet.

9  Fem av ryevevene skal du skøyta i hop til eit teppe for seg, og dei hine seks til eit anna teppe, og den sette veven skal du bretta i hop på framsida av taket.

10  I jaren på den fyrste veven, den som er ytst i det eine teppet, skal du gjera femti lykkjor, og i jaren på den andre skøytingsveven femti lykkjor.

11  Og femti koparkrokar skal du gjera og hekta dei i lykkjone, og soleis skal du festa raggeteppi i hop, so det vert eitt tak av dei.

12  Vil du vita kva du skal gjera med det som gjeng av på raggeteppi, so skal helvti av den veven som gjeng av, hanga ned på baksida av tabernaklet,

13  og den eine alni på kvar led som raggeteppi er for lange, skal hengjast ned etter båe sideveggene til livd for tabernaklet.

14  Yver raggeteppi skal du gjera eit tak av raudleta verskinn, og ovanpå det att eit tak av takasskinn.

15  Plankane til tabernaklet skal du gjera av akasietre; dei skal reisast på ende.

16  Kvar planke skal vera ti alner lang og halvonnor aln breid.

17  På kvar planke skal det vera tvo tappar med ei tverrlist imillom. So skal du gjera med alle plankane til tabernaklet.

18  Tjuge av dei plankane du gjer til tabernaklet, skal du reisa på solsida, mot sud.

19  Og fyrti sylvstabbar skal du gjera og setja under dei tjugeplankane, tvo under kvar planke, til å festa båe tappane i.

20  På den andre sida av til tabernaklet, på nordsida, skal det og vera tjuge plankar

21  med sine fyrti sylvstabbar, tvo under kvar planke.

22  Til baksida av tabernaklet, mot vest, skal du gjera seks plankar,

23  og til hyrno på den same sida tvo plankar;

24  dei skal vera tviluta alt nedantil, og båe lutene skal halda fullt mål helt upp åt taket til den fyrste ringen; so skal dei vera gjera båe tvo; dei skal standa i kvar sitt hyrna.

25  Soleis vert det åtte plankar med sylvstabbane sine, tvo under kvar planke.

26  So skal du gjera tverrstenger av akasietre, fem til plankane på den eine sida av tabernaklet,

27  og fem til plankane på den andre sida, og fem til plankane på baksida av tabernaklet, mot vest.

28  Midtstongi, den som er midt på plankeveggen, skal ganga langs etter heile veggen, frå ende til ende.

29  Plankane skal du klæda med gull, og ringane på dei, som tverrstengene skal smøygjast inn i, skal du gjera heiltupp av gull; tverrstengene skal du og gullklæda.

30  Du lyt setja upp tabernaklet på rette gjerdi, soleis som det vart synt deg på fjellet.

31  So skal du gjera eit forheng av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn; kjerubar skal vera innvovne i kunstvevnad.

32  Du skal hengja det upp på fire gullklædde akasiestolpar som det er gullhakar på, og som stend på fire sylvstabbar.

33  Du skal hengja det upp under krokane*, og innanfor forhenget skal du setja vitnemålskista; og forhenget skal for dykk vera ein skilvegg millom det heilage og det høgheilage romet.

34  So skal du setja nådestolen ovanpå vitnemålskista, der ho stend i det høgheilage romet.

35  Bordet skal du setja utanfor forhenget, og ljosestaken midt imot bordet innmed den søre veggen i tabernaklet; bordet skal du setja innåt nordveggen.

36  Til døri på tjeldet skal du gjera eit teppe av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn. Det skal vera utsauma med rosor.

37  Du skal gjera fem akasiestolpar til teppet, og dei skal du gullklæda; dei skal hava hakar av gull, og du skal støypa fem koparstabbar til dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23