«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 21

1  So er dei lovene du skal leggja fram for dei:

2  Når du kjøper ein hebraisk tenestdreng, so skal han tena seks år; men i det sjuande skal han sleppa or tenesta for inkje og vera fri mann.

3  Er han einsleg når han kjem, so skal han og fara sin veg einsleg; er han gift, so skal kona hans vera med han når han fer.

4  Hev han fenge ei kona av husbonden sin og fær søner eller døtter med henne, so skal kona og borni høyra husbonden hennar til, og han skal fara sin veg einsleg.

5  Men segjer tenaren so: Eg held av husbonden min og kona mi og borni mine; eg vil ikkje vera fri og fara min veg,

6  då skal husbonden føra han fram for Gud*, og leida han innåt døri eller dørskii, og husbonden skal stinga ein syl gjenom øyra hans; sidan skal han tena han all si tid.

7  Når ein mann sel dotter si åt tenestgjenta, so kann ikkje ho tena seg fri liksom drengene.

8  Hev husbonden fest henne åt seg sjølv og so ikkje likar henne, skal han lata henne få kjøpa seg fri; han skal ikkje hava rett til å selja henne til utlendingar, fyrst han ikkje held det han lova henne.

9  Men fester han henne åt son sin, so skal han unna henne same retten som døtter hev.

10  Let han sonen få ei onnor attåt henne, so skal han ikkje lata den fyrste vanta kost, klæde eller hjåsvæve.

11  Dersom han ikkje let henne få sin rett i desse tri stykki, so skal ho sleppa fri for inkje; ho skal ikkje leggja pengar.

12  Den som slær ein mann so han døyr, han skal lata livet.

13  Men hev han ikkje lege etter han, og hev Gud laga det so at hin laut falla for handi hans, so skal eg nemna deg ein fredstad som han kann røma til.

14  Når ein mann er so gudlaus at han drep næsten sin med svik, då skal du taka han um det so var frå altaret mitt: han skal døy.

15  Den som slær far sin eller mor si, skal lata livet.

16  Den som tek ein mann og sel han eller held han fanga, skal lata livet.

17  Den som bannar far sin eller mor si, skal lata livet.

18  Når tvo trettar, og den eine slær den andre med ein stein eller med neven, og hin ikkje døyr, men vert sengeliggjande,

19  og sidan kjem upp att og gjeng ute med stav, då skal den som slo, vera saklaus. Men han skal halda den andre skadelaus for den tidi han var ufør til arbeid, og kosta full lækjedom på han.

20  Når ein mann slær drengen eller tenestgjenta si med ein stav so dei døyr under hendene hans, då skal det hemnast.

21  Men lever dei ein dag eller tvo etterpå, so skal det ikkje hemnast; for dei er hans eigedom.

22  Når folk er i hop og slæst, og dei støyter til ei fremmeleg kvinna, so ho fær ille, men ikkje elles fær noko mein, so skal den som gjorde det gjeva skadebot so mykje som mannen hennar legg på han, etter dei hev gjeve det under menner.

23  Men er det nokon som fær mein, so skal du gjeva liv for liv,

24  auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot,

25  brent for brent, sår for sår, flengja for flengja.

26  Når ein mann slær drengen sin eller tenestgjenta si i auga og skamfer det, so skal han til bot for auga gjeva dei frie.

27  Slær han ut ei tonn på dei, so skal han gjeva dei frie til bot for tonni.

28  Dersom ein ukse stangar mann eller ei kvinna so dei døyr, då skal uksen steinast, og kjøtet må ikkje etast; men eigarmannen er saklaus.

29  Men hev uksen fyrr vore olm, og eigaren er vara um det og endå ikkje aktar han, og han sidan drep mann eller kvinna, so skal uksen steinast, og eigaren skal og lata livet.

30  Vil dei taka bøter, so skal han gjeva i løysepengar for livet sitt so mykje som dei legg på han.

31  Stangar uksen svein eller møy, so skal dei fara fram etter same lovi då og.

32  Stangar han dreng eller tenestgjenta, so skal eigaren bøta tretti sylvsekel til husbonden deira, og uksen skal steinast.

33  Når ein mann let ein brunn standa open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer yver, og ukse eller asen dett ned i,

34  då skal den som eig brunnen, gjera lika for det; han skal gjeva den som åtte dyret pengar att i staden, men den daude skrotten skal vera hans.

35  Når uksen åt ein mann stangar i hel uksen åt ein annan, då skal eigarane selja den uksen som lever og byta pengane millom seg, og den daude uksen skal dei og byta.

36  Men er det kunnigt at uksen var olm, og eigaren ikkje hev akta han, so skal han gjeva ein annan ukse i staden og sjølv hava den daude.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23