«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 2

1  So var det ein mann av Levi-ætti som gjekk og tok seg ei kona, og ho var og av Levi-ætti.

2  Og kvinna vart umhender og åtte ein son. Ho tykte det var so vent eit barn, og løynde han i tri månader;

3  då kunde ho ikkje få løynt han lenger. So fann ho ei røyrkista til han; den brædde ho med jordbek og tjøra, og so la ho sveinen upp i og sette kista attmed elvebarden;

4  og syster hans stod eit stykke undan og skulde sjå korleis det gjekk med han.

5  Då kom dotter åt Farao ned åt elvi og vilde lauga seg, medan møyane hennar gjekk att og fram på elvebakken. Ho gådde kista i sevet og sende terna si etter henne.

6  So hadde ho upp loket og såg barnet; då sa ho: Nei sjå, ein liten svein som ligg og græt! Og ho tykte syndi han og sa: Det er eit av hebrearborni:

7  Då sa syster hans åt dotter åt Farao: Skal eg ganga og finna deg ei hebrearkona som gjev brjost, so ho kann fostra upp barnet for deg?

8  Kongsdotteri svara: Gjer so! So gjekk gjenta og henta mor åt sveinen.

9  Og kongsdotteri sa til henne: Tak denne sveinen og fostra han upp for meg! Eg skal løna deg for det. So tok kona sveinen og fostra han upp.

10  Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdotteri med han, og han vart som son hennar. Ho kalla han Moses*; for - sa ho - or vatnet hev eg drege han upp.

11  So leid tidi fram til Moses var vaksen. Då var det ein gong han gjekk ut til brørne sine og såg korleis dei laut slita og slepa, og so fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av brørne hans.

12  Då såg han vel ikring seg, men vart ikkje var nokon, og so slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden.

13  Den andre dagen gjekk han ut att og såg tvo hebrearar som heldt på og slost. Då sa han til den som hadde skuldi: Kvi slær du landsmannen din?

14  Han svara: Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss? Tenkjer du på å drepa meg, som du drap egyptaren? Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: Hev det alt kome upp?

15  Då Farao fekk spurt det, freista han å få drepe Moses. Men Moses rømde for Farao, og han slo seg ned i Midians-landet og budde attmed ein brunn.

16  Presten i Midian hadde sju døtter; og dei kom og auste upp vatn og fyllte trørne og vilde brynna småfeet åt far sin.

17  Men so kom det nokre hyrdingar og jaga dei ifrå. Då reis Moses upp og hjelpte dei og brynnte småfeet deira.

18  Då dei kom heim att til Re'uel, far sin, sa han: Korleis hev det seg at de kjem so tidleg i dag?

19  Dei svara: Ein egyptar kom og hjelpte oss mot hyrdingane; og so auste han upp vatn for oss og brynnte småfeet.

20  Då sa han til døtterne sine: Kvar er han so? Kvi let de då mannen vera att ute? Bed han inn, so han kann få seg mat!

21  Moses vart huga til å vera hjå mannen, og han let Moses få Sippora, dotter si, til kona.

22  Ho åtte ein son, og Moses kalla han Gersom*; for han sa: Eg hev fenge heimvist i framandt land.

23  Då ei lang tid var lidi, døydde kongen i Egyptar-land. Men Israels-borni sukka for trældomen og let ille, og naudropi deira steig upp til Gud.

24  Og Gud høyrde korleis dei sukka, og Gud mintest pakti si med Abraham og Isak og Jakob.

25  Og Gud hadde auga med Israels-borni, og Gud kjendest ved dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23