Andre Mosebok 18
1 Då Jetro, presten i Midian, verfar åt Moses, fekk spurt alt det som Gud hadde gjort mot Moses og mot Israel, folket sitt, korleis Herren hadde ført Israel ut or Egyptar-land,
2 so tok han med seg Sippora, kona åt Moses, som Moses hadde sendt heim,
3 og båe sønene hennar - den eine kalla dei Gersom, for Moses hadde sagt: Eg hev fenge heimvist i eit framandt land,
4 og den andre kalla dei Elieser*, for han hadde sagt: Gud åt far min var hjelpi mi og berga meg for sverdet åt Farao -
5 og no kom dei, både Jetro, verfar åt Moses, og sønene og kona hans, til Moses i øydemarki, der han hadde lægret sitt, innmed Guds-fjellet.
6 Og han sende bod til Moses og sa: Eg, Jetro, verfar din, kjem til deg med kona di, og båe sønene sine hev ho med seg.
7 Då gjekk Moses til møtes med verfar sin og bøygde seg for han og kysste han, og dei spurde einannan korleis til stod. So gjekk dei inn i tjeldbui,
8 og Moses fortalde verfar sin um alt det Herren hadde gjort med Farao og egyptarane for Israel skuld, og all den møda dei hadde vore uti på vegen, og korleis Herren hadde hjelpt dei.
9 Og Jetro vart glad for alt det gode som Herren hadde gjort mot Israel, at han hadde berga dei for egyptarane.
10 Og Jetro sa: Lova vere Herren, som berga dykk for egyptarane og for Farao, han som fria folket undan egyptarhandi!
11 No veit eg at Herren er større enn alle gudar; for det synte han med det same* som egyptarane synte ovmodet sitt mot dette folket med.
12 Og Jetro, verfar åt Moses, tok og bar fram brennoffer og slaktoffer for Gud. Og Aron og alle dei øvste i Israel kom og held måltid for Guds åsyn saman med verfar åt Moses.
13 Dagen etter sat Moses og skifte rett millom folket, og folket stod ikring han frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
14 Då no verfar hans såg alt det han hadde å gjera for folket, so sa han: Kva er dette for eit arbeid du legg på deg for folket? Kvi sit du domar åleine medan heile ålmugen stend uppyver deg frå morgon til kveld?
15 Moses svara: Folket kjem til meg og vil få vita Guds vilje.
16 Når dei hev ei sak med kvarandre, kjem dei til meg, og so dømer eg mann og mann imillom og lærer dei Guds bod og lover.
17 Då sa verfar åt Moses til han: Det er ikkje klokt det du der gjer.
18 De trøyter dykk ut, både de og dette folket som er med deg. For dette er for stridt for deg; du vinn ikkje gjera det åleine.
19 Men høyr no på meg! Eg vil gjeva deg ei råd, og so skal Gud vera med deg. Ver du målsmann for folket hjå Gud, og gakk du til Gud med sakene deira,
20 og minn dei um bodi og lovene, og syn dei kva veg dei skal ganga og korleis dei skal fara åt.
21 Vel deg so ut dugande menner av ålmugen, menner som hev age for Gud, truverdige folk, som hatar låk vinning, og set dei til domsmenner, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti!
22 Dei skal skifta rett millom folket til kvar tid; alle store saker skal dei koma til deg med, men alle små saker skal dei døma i sjølve. Då lettar du byrdi for deg sjølv, og dei hjelper deg å bera henne.
23 Gjer du det, og er det so Guds vilje, so kann både du halda ut og alt dette folket koma heim til seg i fred og ro.
24 Moses lydde verfar sin og gjorde alt det han sa.
25 Han kåra ut dugande menner av heile Israel og sette dei til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund og sume yver hundrad og sume yver femti og sume yver ti.
26 Dei skifte då til kvar tid rett millom folket; alle vande saker kom dei til Moses med, men i alle småsaker dømde dei sjølve.
27 So baud Moses farvel med verfar sin, og han for heim att til sitt eige land.