«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 14

1  Sidan tala Herren til Moses og sa:

2  Seg til Israels-borni at dei skal snu um og lægra seg framum Pi-Hakirot, millom Migdol og havet; beint for Ba'al-Sefon, midt imot, skal de lægra dykk utmed havet.

3  Då kjem Farao til å segja um Israels-borni: Dei hev kome på villstig og finn ikkje ut or øydemarki att.

4  Og eg vil herda hugen åt Farao, so han set etter dei; då skal eg syna herlegdomen min på Farao og heile heren hans, og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren. So gjorde dei som Herren sa.

5  Då kongen i Egyptar-land fekk vita at Israels-folket hadde rømt landet, då skifte han hug, både han og tenarane hans, og dei sa: Kva hev me gjort som slepte Israel utor tenesta?

6  So beitte han fyre vogni si, og herfolket sit tok han med seg.

7  Seks hundrad utvalde vogner tok han, og sidan kvar vogn som fanst i Egyptar-land, og kjempor var det på alle.

8  For Herren herde hugen åt Farao, egyptarkongen, so han sette etter Israels-borni; men Israels-borni tok ut med verja i hand.

9  Egyptarane sette etter, alle vognene og riddarane åt Farao og heile hermakti hans, og nådde dei att utmed havet, der deg hadde lægra seg, tett innmed Pi-Hakirot, midt Ba'al-Sefon.

10  Farao kom næmare og næmare, og då Israels-borni skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter dei. Då vart Israels-borni fælande redde og ropa til Herren.

11  Og dei sa til Moses: Fanst det då ikkje graver i Egyptar-land med di du laut hava oss hit og lata oss døy i øydemarki? Kvi gjorde du oss dette og lokka oss burt frå Egyptar-land?

12  Var det ikkje det me sa til deg i Egyptar-land: Lat oss vera i fred! me vil tena egyptarane; det er betre for oss, det, enn å døy i øydemarki?

13  Då sa Moses til folket: Ver ikkje redde! Statt no her og sjå den hjelpi som heren vil senda dykk i dag! For so som de ser egyptarane i dag skal de aldri sjå dei meir i all æva.

14  Herren skal strida for dykk, og de skal halda dykk stille.

15  Og Herren sa til Moses: Kvi kallar du på meg? Seg til Israels-borni at dei skal taka i vegen!

16  Og du skal lyfte staven din og retta handi ut yver havet og kløyva det, so Israels-borni kann ganga midt igjenom havet på turre botnen.

17  Men eg vil herda hugen åt egyptarane, so dei set etter dykk. Då skal eg syna herlegdomen min på Farao og heile hans her, på vognene og riddarane hans.

18  Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg syner herlegdomen min på Farao og vognene og riddarane hans.

19  Og Guds engel som gjekk fyre Israels-heren, tukka seg og steig attum dei; skystopulen, som var framanfor dei, flutte seg og vart standande attanfor,

20  so han kom imillom egyptarane og Israels-heren; på den eine sida var han skum og myrk, og på hi sida lyste han upp natti, og herane kom ikkje innåt kvarandre heile natti.

21  Då rette Moses handi si utyver havet, og Herren sende ei strid austanvind, som bles heile natti, so vatnet dreiv undan; han gjorde havet til turt land, og vatnet kløyvde seg.

22  Og Israels-borni gjekk tvert gjenom havet på turre grunnen, og vatnet stod som ein mur, både på høgre og vinstre sida.

23  Men egyptarane sette etter og fylgde til midt ut i havet, alle hestane åt Farao og vognene og riddarane hans.

24  So hende det fyrstundes i otta at Herren såg ned på egyptarheren frå eld- og skystopulen og forvilla egyptarheren.

25  Han slo hjuli undan vognene deira, so det gjekk tungt for dei å koma fram. Då sa egyptarane: Lat oss røma for Israels! For Herren er med dei og strider mot egyptarane!

26  Og Herren sa til Moses: Rett handi di utyver havet, so skal vatnet fløyma attende yver egyptarane, yver vognene og riddarane deira!

27  So rette Moses handi utyver havet, og då det leid imot morgonen, kom havet veltande attende i det gamle romet sitt, men egyptarane rømde beint mot bårone, og Herren støytte dei midt ut i havet.

28  Vatnet flødde i hop att og gøymde vognene og riddarane i heile Farao-heren, som hadde fylgt etter dei ut i havet; det vart ikkje att ein einast ein.

29  Men Israels-borni gjekk tvert igjenom havet på turre botnen, og vatnet stod som ein mur på både sidone, både den høgre og den vinstre.

30  Soleis berga Herren den dagen Israel for egyptarane, Og Israel skoda egyptarane korleis dei låg daude på havstrandi.

31  Og då Israel såg det storverket som Herren hadde gjort med egyptarane, då fekk dei age for Herren, og dei trudde på Herren og på Moses, tenaren hans.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23