«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 12

1  Og Herren tala so til Moses og Aron medan dei var i Egyptar-landet:

2  Denne månaden* skal vera nyårsmånaden dykkar, den fyrste månaden i året skal han vera for dykk.

3  Tal no de til heile Israels-lyden og seg: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husbonde taka seg ut eit lamb, so kvar huslyd fær eitt lamb.

4  Men er lyden hans for liten til å eta upp eitt lamb, so skal han og grannen taka seg ut eit i hop, etter som dei hev folk til; de skal ikkje rekna fleire folk på kvart lamb enn at alle fær metta seg.

5  Eit lytelaust verlamb lyt det vera, og årsgamalt; i staden for eit lamb kann de og taka eit kje.

6  De skal taka det i vare til den fjortande dagen i denne månaden; då skal heile Israels-lyden slakta det soleglads bel.

7  So skal dei taka noko av blodet og strjuka på både dørskiene og dørkollen på dei husi dei et i.

8  Og kjøtet skal dei eta same natti; dei skal steikja det på elden og eta det med usyrt brød og bitre urter attåt.

9  De må ikkje eta det rått og ikkje koka det i vatn, men steikja det yver elden, med hovud og føter og innmat.

10  Heller ikkje skal de leiva noko av det til morgons; er det noko att um morgonen, so skal de brenna det upp.

11  Soleis skal de vera budde når de et det: med belte kring livet, med skor på føtene, med stav i handi; og de skal eta det i hast; det er påskehelg* for Herren.

12  For den same natti vil eg fara igjenom Egyptar-landet og slå i hel alt som frumbore er i Egyptar-land, både folk og fe; og yver alle egyptargudane vil eg halda dom; eg er Herren.

13  Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for dykk, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk; og de skal ikkje verta fyre noko vondt når eg slær Egyptar-landet.

14  Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk; då skal de halda helg og høgtid for Herren; ei æveleg lov skal det vera for dykk og etterkomarane dykkar å halda heilag den dagen.

15  Sju dagar skal de eta usyrt brød; straks den fyrste dagen skal de hava all surdeig burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.

16  Den fyrste dagen skal de halda ei heilag samling, og den sjuande dagen ei heilag samling. Dei dagane skal de ikkje hava noko arbeid fyre dykk; berre den maten som kvar mann treng, skal de laga til, og elles ingen ting gjera.

17  De skal høgtida usyrdebrødhelgi; for då førde eg herane dykkar ut or Egyptar-landet. Difor skal de høgtida denne dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar.

18  Frå fjortandedags kvelden i den fyrste månaden til ein og tjugandedags kvelden i same månaden skal de eta brød som det ikkje er surt i.

19  I sju dagar må det ikkje finnast surdeig i husi dykkar; kvar den mann som et surbrød, skal rydjast ut or Israels-lyden, anten han er framand eller fødd og alen i landet.

20  De må ikkje smaka den minste grand som er syrt; i alle hus skal de eta usyrt brød!

21  Då kalla Moses i hop alle dei øvste i Israel og sa til dei: No lyt de av og finna dykk småfe åt huslydane dykkar og slakta påskelambet.

22  Og so skal de taka ein isopkvost og duppa i blodet som er i skåli, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskiene. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon.

23  For Herren vil fara igjenom landet og heimsøkja egyptarane; og når han ser blodet på dørkollen og på båe dørskiene, då skal han fara framum døri og ikkje lata tynaren sleppa inn i husi dykkar og drepa.

24  So skal de då halda dykk etter dette bodet; det skal vera ei lov for deg og borni dine i all æva.

25  Når de so kjem inn i det landet som Herren vil gjeva dykk, som han hev lova, då skal de halda uppe denne helgeseden.

26  Og når borni dykkar spør: Kva er dette for ein helgesed de brukar?

27  då skal de svara: Det er påskeoffer til Herren, som for utum husi åt Israels-borni i Egyptar-land då han heimsøkte egyptarane og sparde våre hus. Då la folket seg på kne og tilbad.

28  Og Israels-borni gjekk av og gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

29  So hende det i midnattsstundi at Herren slo i hel alt som frumbore var i Egyptar-landet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sat i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt fangen, som sat i myrkestova, og alle frumsungane i buskapen.

30  Då for Farao upp um natti, han og alle tenarane hans og alle egyptarane, og det vart eit øgjeleg skrik i Egyptar-land; for det fanst ikkje eit hus som det ikkje var lik i.

31  Og Farao sende bod etter Moses og Aron um natti og sa: Gjer dykk reiduge og ut or riket mitt, både de og Israels-borni, og gakk av og held høgtid for Herren, som de hev tala um!

32  Tak med dykk bufeet dykkar, både smått og stort, som de hev sagt, og far burt og bed godt for meg og!

33  Og egyptarane anna på folket og vilde få dei fort utor landet. Elles døyr me alle saman! sa dei.

34  So tok folket deigen sin, fyrr han vart syrt; dei sveipte deigtrogi inn i kjolane og bar dei på herdane.

35  Og Israels-borni gjorde som Moses hadde sagt, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde.

36  Og Herren hadde laga det so at egyptarane vilde folket vel, so dei var gode å beda. Det var det herfanget dei tok av egyptarane.

37  So tok då Israels-borni ut frå Ra'amses og la vegen til Sukkot; dei var på lag seks hundrad tusund mann til fots, umfram kvinnor og born.

38  Og ein stor hop med allslags folk fylgde med dei, og bufe, både smått og stort, ei ovstor drift.

39  Av deigen dei hadde med seg frå Egyptar-land, baka dei hellekakor; for han var ikkje syrt, etter di dei vart jaga ut or Egyptar-land og ikkje torde drygja der lenger; og ikkje hadde dei butt seg til med ferdakost heller.

40  Den tidi som Israels-borni hadde havt bustaden sin i Egyptar-land, var fire hundrad og tretti år.

41  Då dei fire hundrad og tretti åri var på dagen utlidne, då tok alle Herrens herar ut frå Egyptar-landet.

42  Den natti akta Heren på og førde dei ut or Egyptar-landet; den same natti skal alle Israels-borni akta på for Herren, ætt etter ætt.

43  Og Herren sa til Moses og Aron: So er fyresegni um påskelambet: Ingen framand må eta av det.

44  Hev nokon ein tenestdreng som er kjøpt for pengar, so skal du fyrst umskjera han; sidan kann han eta av det.

45  Ingen busete eller leigekar må eta av det.

46  I eitt hus skal det etast; du må ikkje hava noko av kjøtet ut or huset, og de må ikkje brjota noko bein i det.

47  So skal heile Israels-lyden gjera.

48  Og når ein framand held til hjå deg og vil halda påskehøgtid for Herren, då skal alle karfolki hans umskjerast, so kann han få vera med og halda høgtid, og då skal han vera jamgod med dei som er fødde og alne i landet; men ein som ikkje er umskoren, må aldri eta av det.

49  Det skal gjelda same lovi for dei som er fødde og alne i landet, og for dei framande som held til hjå dykk.

50  Og alle Israels-borni gjorde dette; som Herren hadde sagt til Moses og Aron, so gjorde dei.

51  Denne same dagen var det Herren førde Israels-borni ut or Egyptar-land, fylking etter fylking.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23