«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Andre Mosebok 11

1  Herren hadde sagt til Moses: Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og Egyptar-land, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut med alt det de hev.

2  Seg no so folket høyrer på, at kvar mann skal beda grannen sin og kvar kvinna grannekvinna si um sylv og gull!

3  Og Herren gjorde det slik at egyptarane fekk godvilje for folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptar-landet, både for tenarane åt Farao og for hitt folket.

4  Og Moses sa: So segjer Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptar-land.

5  Då skal det døy alt som frumbore er i Egyptar-landet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkvinna, som sit og dreg landkverni, og alle frumsungane i buskapen.

6  Og frå heile Egyptar-landet skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt skrik anten fyrr eller sidan.

7  Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe, so de skal verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.

8  Då skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og kasta seg ned for meg og segja: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og so skal eg fara. Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.

9  Som Herren hadde sagt til Moses: Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjord mange under i Egyptar-landet,

10  so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren gjorde Farao strid i hugen, so han slepte ikkje Israels-borni or landet sitt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23