Esters bok 6
1 Den natti fekk ikkje kongen sova. Han bad dei henta krønikeboki, som dei minneverdige hendingane var uppskrivne i, og ho vart upplesi for kongen.
2 Der fann dei det skrive korleis Mordekai hadde meldt at Bigtana og Teres, tvo av dei hirdmennene som vakta dørstokken i kongsgarden, hadde freista å leggja hand på kong Ahasverus.
3 Då spurde kongen: Kva æra og vyrdnad hev Mordekai fenge for det? Sveinane åt kongen, dei som gjekk han til handa, svara: Han hev ikkje fenge nokon ting.
4 So sa kongen: Kven er det som er ute i tunet? Haman var då nyst komen inn i ytre tunet åt kongsgarden, vilde beda kongen at Mordekai måtte verta upphengd i den galgen han hadde reist åt han.
5 Kongssveinane svara: Det er Haman som stend der ute i tunet. Kongen sa: Lat han koma inn!
6 Då no Haman kom inn, spurde kongen han: Kva skal ein gjera med den mannen som kongen hev hug til å æra? Då tenkte Haman med seg: Kven skulde kongen heller vilja visa æra enn meg?
7 Og han sa til kongen: Er det ein mann som kongen hev hug til å æra,
8 so lat dei henta ein kongeleg klædnad som kongen sjølv hev bore, og ein hest som kongen sjølv hev ride på, og som hev ein kongeleg kruna på hovudet;
9 ein av dei øvste hovdingane åt kongen skal taka imot klædnaden og hesten, og han skal hava klædnaden på den mannen som kongen hev hug til å æra, og lata han rida på hesten igjenom gatone i byen og ropa fyre han: Soleis gjer ein med den mannen som kongen hev hug til å æra!
10 Då sa kongen til Haman: Skunda deg, tak klædnaden og hesten, som du hev sagt, og gjer soleis med jøden Mordekai, som sit i kongsporten! Gløym ikkje noko av alt det du hev sagt!
11 So tok Haman klædnaden og hesten, hadde klædnaden på Mordekai, let han rida gjenom gatone i byen og ropa fyre han: Soleis gjer ein med den mannen som kongen hev hug til å æra!
12 Mordekai gjekk attende til kongsporten; men Haman skunda seg heim, sorgfull og med hovudet innsveipt.
13 Han fortalde Seres, kona si, og alle venene sine alt det som hadde hendt han. Då sa dei til han, både vismennene hans og Seres, kona hans: Dersom Mordekai, som du hev teke til å tapa for, er av jødeætt, so maktast du ingen ting mot han, men kjem til å tapa reint for han.
14 Medan dei endå heldt på og tala med han, kom hirdmennene åt kongen - dei skulde skunda seg og henta Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.