«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Esters bok 5

1  Tridje dagen klædde Ester seg i sitt dronningskrud og steig inn på indre tunet i kongsgarden, midt framfor kongshalli, medan kongen sat på kongsstolen sin i kongshalli, midt imot døri til halli.

2  Då no kongen fekk sjå dronning Ester, som ho stod der i tunet, tykte han ovleg gildt i henne; han rette gullstaven som han heldt i handi, ut imot henne, og Ester gjekk fram og tok i enden av staven.

3  Då sa kongen til henne: Kva hev du på hjarta, dronning Ester? Er det noko du ynskjer? Um det so var halve riket mitt, skal du få det.

4  Ester svara: Um det tekkjest deg, herre konge, vilde eg gjerne at du og Haman i dag skulde koma til det gjestebodet eg hev stelt til for deg!

5  Då sa kongen: Skunda dykk og henta Haman, so me kann gjera som Ester vil! So kom då kongen og Haman til det gjestebodet som Ester hadde stelt til.

6  Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: Er det noko du vil beda um? Det skal gjevast deg. Er det noko du ynskjer deg? Du skal få det, um det so var helvti av riket.

7  Ester svara: Det eg bed um og ynskjer, er dette:

8  Hev kongen nokon godvilje for meg, og tekkjest det kongen å gjeva meg det eg bed um og gjera det eg ynskjer, so må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til åt dei. I morgon vil eg då gjera som kongen segjer.

9  Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå Mordekai, som sat i kongsporten og korkje reiste seg eller rørde seg for han, vart han brennande harm på Mordekai.

10  Men han styrde seg og gjekk heim; so sende han bod etter venene sine og Seres, kona si,

11  og han la ut for dei um sin rikdom og herlegdom og dei mange sønene sin og korleis kongen på alt vis hadde gjort han stor og hadde gjeve han rang yver dei hine hovdingane og kongsmennene.

12  Og han la til: Eg var jamvel den einaste som dronning Ester let få koma med kongen til det gjestebodet ho hadde stelt til; i morgon og er eg beden til henne i lag med kongen.

13  Men alt dette er ikkje nok so lenge eg ser Mordekai, jøden, sitja i kongsporten.

14  Då sa dei til han, både Seres, kona hans, og alle venene hans: Lat dei gjera ein galge, femti alner høg, og i morgon skal du beda kongen at Mordekai må verta upphengd i den galgen; so kann du ganga glad med kongen til gjestebodet. Den rådi tykte Haman vel um, og han let gjera galgen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23