Esters bok 2
1 Då det leid um ei tid, og harme hadde runne av kongen, kom han i hug att Vasti og det ho hadde gjort, og det som var vedteke um henne.
2 Då sa sveinane åt kongen, dei som gjekk han til handa: Ein skulde leita etter fagre ungmøyar åt kongen!
3 I kvart land som kongen råder yver, skulde han setja umbodsmenner, og dei skulde samla alle fagre ung møyar saman i kvinnehuset i Susan-borgi, og Hege, kongsmannen, han som tek vare på kvinnone, skulde hava tilsyn med dei og lata dei få salvar til å smyrja seg med,
4 og so skulde den ungmøyi som kongen likar best, verta dronning i staden for Vasti! Det rådi tykte kongen vel um, og han gjorde so.
5 I Susan-borgi var det den gongen ein jødisk mann som heitte Mordekai og var son åt Ja'ir, som var son åt Sime'i og soneson åt Kis, ein mann av Benjamins-ætti.
6 Han var med i den fangeflokken som vart ført burt saman med Jekonja, Juda-kongen, han som Nebukadnesar, Babel-kongen, førde burt.
7 Han var fosterfar åt Hadassa - som og vart kalla Ester - dotter åt farbror hans; for ho hadde korkje far eller mor. Møyi var både velvaksi og ven, og då foreldri hennar døydde, tok Mordekai henne til seg som si eigi dotter.
8 Då no brevet frå kongen og bodet hans vart kjent, og det vart samla mange ungmøyar i Susan-borgi, der Hegai hadde tilsyn med dei, då vart Ester og henta til kongsgarden, og Hegai, han som tok vare på kvinnone, bar umsut for henne.
9 Han lika den unge møyi vel og fekk godvilje for henne. Difor skunda han seg og gav henne salvar til å smyrja seg med og den maten ho skulde hava, og sende henne dei sju ternone frå kongsgarden som var etla åt henne. Sidan let han henne og ternone hennar flytja inn i beste romi i kvinnehuset.
10 Ester hadde ikkje nemnt kva folk og ætt ho var av; for Mordekai hadde sagt henne at ho ikkje måtte nemna noko um det.
11 Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor tungarden åt kvinnehuset - han vilde vita korleis Ester levde, og kva dei gjorde med henne.
12 No var det so at kvar gong radi kom til ei av dei unge møyane at ho skulde inn til kong Ahasverus, etter ho i fulle tolv månader hadde vorte budd soleis som det var fyreskrive i kvinnelovi - for so lang tid gjekk det med til salvingi deira, seks månader med myrraolje og seks månader med angande kryddor og med andre salvar som kvinnone plar smyrja seg med -
13 når då ungmøyi gjekk inn til kongen, fekk ho taka med seg frå kvinnehuset til kongsgarden alt det ho bad um.
14 Um kvelden gjekk ho inn, og um morgonen gjekk ho attende til det andre kvinnehuset og var sidan under tilsyn av Sa'asgas, den hirdmannen som tok vare på fylgjekonone. Ho kom då ikkje oftare inn til kongen, mindre kongen hadde lagt slik hug til henne at ho vart kalla til han med namns nemning.
15 Då no radi kom til Ester, dotter åt Abiha'il - som var farbror åt Mordekai, fosterfar hennar - at ho skulde inn til kongen, bad ho ikkje um anna enn det som Hegai, kongsmannen, han som tok vare på kvinnone, rådde til. Og alle som såg Ester, tykte gildt i henne.
16 Det var i sjuande året av kongedømet hans Ahasverus, i tiande månaden - det er tebet månad - at Ester vart henta heim til han i kongsgarden hans.
17 Kongen fekk Ester meir kjær enn alle dei andre kvinnone; ho vann hans nåde og godvilje framum alle hine møyane. Han sette ei kongeleg kruna på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasti.
18 Til æra for Ester gjorde kongen eit stort gjestebod for hovdingane og tenestmennene sine; han gav skattelette i alle landi sine og bytte ut gåvor, som det høvde for ein konge.
19 Då det andre gongen vart samla saman ungmøyar, sat Mordekai i kongsporten.
20 Men Ester hadde ikkje nemnt noko um ætti si og folket sitt; for det hadde Mordekai sagt at ho ikkje måtte, og Ester gjorde i alle ting som Mordekai sa, soleis som ho hadde gjort medan ho vart fostra hjå han.
21 I denne tidi - då Mordekai heldt seg i kongsporten - vart Bigtan og Teres, tvo av dei hirdmennene som vakta dørstokken i kongsgarden, arge på kong Ahasverus og leita etter eit høve til å leggja hand på han.
22 Dette fekk Mordekai vita; han sa det til dronning Ester, og Ester bar bod til kongen um det frå Mordekai.
23 Saki vart granska, og då det synte seg at det var so, vart båe hirdmennene hengde upp i ein galge. Dette hendet vart skrive i krønikeboki for augo åt kongen.