Esters bok 10
1 Kong Ahasverus la skatt på heile landet, jamvel og øyane i havet.
2 Alt det han gjorde i si makt og sitt velde, og ei greinleg fråsegn um den høge rangen som kongen lyfte Mordekai upp til, det er uppskrive i krønikeboki åt kongane i Media og Persia.
3 For jøden Mordekai var næst etter kong Ahasverus i makt, og han var høgt æra millom jødane og vel lika hjå brørne sine, so mange dei var; han sytte stødt for velferdi åt folket sitt og tala til bate for heile si ætt.