Esters bok 1
1 I Ahasverus' tid - det var den Ahasverus som rådde frå India alt til Etiopia yver hundrad og sju og tjuge land* -
2 i den tid då kong Ahasverus sat på kongsstolen sin i Susan-borgi,
3 i tridje året av kongedømet hans bar det so til at han gjorde eit gjestebod for alle hovdingane og tenestmennene sine; herhovdingane i Persia og Media, dei høgste mennene i riket og landshovdingane var samla hjå han.
4 I mange dagar - hundrad og åtti dagar - let han sin kongelege herlegdom og rikdom koma til synes med all den drust og dramb som fylgde stordomen hans.
5 Då dei dagane var lidne, heldt kongen gjestebod i sju dagar for alt folket som fanst i Susan-borgi, både store og små, i fyregarden til hagen ved kongsborgi.
6 Kvite tjeld av lin og bomull og blå purpurtjeld var feste til marmorsulor med kvite bomullsnorer og raude purpursnorer som låg i sylvringar; gull- og sylvbenker stod på golvhellor av alabast og kvitt marmor og perlemor og svart marmor.
7 Drykkane vart skjenkte i gullskåler, og kvar skål var ulike dei hine. Og der var nøgdi av kongeleg vin, som det høvde hjå ein konge.
8 Med drykken for dei fram etter den fyresegni at ingen skulde nøydast; for kongen hadde bode alle dei øvste tenarane i huset sitt at dei skulde lata kvar mann få so mykje han sjølv vilde.
9 Samstundes heldt dronning Vasti gjestebod for kvinnor i kongeslottet åt kong Ahasverus.
10 Sjuande dagen, då kongen var vorten fjåg av vinen, sa han til Mehuman, Bista, Harbona, Bigta, Abagta, Setar og Karkas, dei sju hirdmennene som gjorde tenesta hjå kong Ahasverus,
11 at dei skulde henta dronning Vasti og leida henne fram for kongen med den kongelege kruna på hovudet, so han kunde lata folki og hovdingane få sjå venleiken hennar; for ho var ovfager.
12 Men dronning Vasti vilde ikkje koma - ho trassa bodet som kongen hadde sendt med hirdmennene. Då vart kongen harmfull - vreiden loga upp i han -
13 og han sa til vismennene, som hadde vit på tidshøvi - for soleis vart kvar sak som kongen skulde avgjera, lagd fram for alle som hadde vit på lov og rett,
14 og dei som stod han næmast, var Karsena, Setar, Admata, Tarsis, Meres, Marsena, Memukan, dei sju persiske og mediske hovdingane som alltid hadde tilgjenge til kongen og sat øvst i riksens råd -:
15 Kva skal ein etter lovi gjera med dronning Vasti, sidan ho ikkje lydde det bodet som Ahasverus sende henne med hirdmennene?
16 Då tok Memukan soleis til ords, der han stod framfor kongen og hovdingane: Dronning Vasti hev ikkje berre forbrote seg mot kongen, men mot alle hovdingane og alle folki i alle land som ligg under kong Ahasverus' velde.
17 For åtferdi åt dronningi vil verta kjend millom alle konor, og dei kjem til å sjå med vanvyrdnad på mennene sine og segja: Kong Ahasverus sende bod etter dronning Vasti, men ho kom ikkje.
18 Alt no i dag vil hovdingfruone i Persia og Media tala soleis til alle hovdingane åt kongen, so snart dei fær spurt åtferdi åt dronningi, og det kjem til å verta nok av vanvyrdnad og vreide.
19 Um kongen so tykkjer, so lat det ganga ut eit kongebod at Vasti aldri meir skal få te seg fram for kong Ahasverus, og lat det bodet verta uppskrive millom lovene åt Persia og Media, so det stend urikkeleg fast! Og so late kongen ei onnor kvinna, som er betre enn ho, få den kongelege rangen som ho no hev!
20 Når då det påbodet som kongen sender ut, vert kunnigt i heile riket hans, so stort og vidt som det er, so vil alle konor syna mennene sine æra, både høge og låge.
21 Det ordet tykte kongen og hovdingane vel um, og kongen gjorde som Memukan hadde sagt.
22 Han sende brev til alle landi som låg under hans velde - til kvart land i den skrifti dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala - at kvar mann skulde vera herre i huset sitt og tala målet åt folket sitt.