«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Efeserne 5

1  Vert difor Guds etterfylgjarar som hans kjære born,

2  og ferdast i kjærleik, liksom Kristus elska dykk og gav seg sjølv for oss til ei gåva og eit offer, Gud til ein hugleg ange!

3  Men utukt og alle ureinskap og havesykje må ikkje ein gong verte nemnde millom dykk, so det sømer seg for heilage,

4  og skjemdarferd og dårleg svall og lauslyndt skjemt, som alt saman er usømeleg, men heller takksegjing!

5  For dette veit de og skynar at ingen horkar eller urein eller gjerug - som er ein avgudsdyrkar - hev arv i Kristi og Guds rike.

6  Lat ingen dåra dykk med tome ord! for av slike ting kjem Guds vreide yver dei vantruande.

7  Hav difor ingen ting saman med dei!

8  For de var fordom myrker, men no er de ljos i Herren; ferdast som born av ljoset

9  - for frukti av ljoset syner seg i all godleik og rettferd og sanning -

10  so de prøver kva som er Herren til hugnad,

11  og hav inkje samlag med dei fruktlause gjerningar av myrkret, men refs dei heller!

12  For det som løynleg vert gjort av dei, er det skamleg endå berre å tala um;

13  men når det vert refst, vert det alt saman openberra av ljoset; for alt som vert openberra, er ljos.

14  Difor segjer skrifti: Vakna, du som søv, og statt upp frå dei daude, og Kristus skal lysa for deg.

15  Sjå difor til korleis de kann ferdast varleg, ikkje som uvise, men som vise,

16  so de kjøper den laglege tidi; for dagane er vonde!

17  Ver difor ikkje uvituge, men skyna kva Herrens vilje er!

18  Og fyll dykk ikkje av vin, som det er skamløysa i, men vert fyllte med Anden,

19  so de talar til kvarandre med salmar og lovsongar og åndelege visor og syng og leikar i dykkar hjarto for Herren,

20  og alltid takkar Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn,

21  og er kvarandre undergjevne i otte for Kristus!

22  De konor, ver dykkar eigne menn undergjevne som Herren!

23  For mannen er hovudet for kona, liksom Kristus er hovudet for kyrkja, han som er frelsar for lekamen sin.

24  Men liksom kyrkja er Kristus undergjevi, so skal og konone vera mennene sine undergjevne i alle ting.

25  De menn, elska konone dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne,

26  so han kunde helga henne, med di han reinsa henne ved vassbadet i ordet,

27  so han sjølv kunde framstella kyrkja for seg i herlegdom, utan flekk eller rukka eller noko slikt, men so ho kunde vera heilag og ulastande.

28  Soleis skyldar mennene å elska konone sine som sine eigne lekamar. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv;

29  for aldri hev nokon hata sitt eige kjøt, men han føder og fjelgar det, liksom Kristus gjer med kyrkja;

30  for me er lemer på hans lekam.

31  Difor skal mannen skiljast med far og mor og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt.

32  Denne løyndommen er stor - men eg tenkjer på Kristus og kyrkja.

33  Men de og skal elska, kvar si kona som seg sjølv, og kona skal hava age for mannen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23