«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Efeserne 4

1  So legg eg dykk då på hjarta, eg som er ein fange i Herren, at de må ferdast so som verdigt er for det kallet som de vart kalla med,

2  med all audmykt og spaklynde, med langmod, so de toler kvarandre i kjærleik

3  og legg vinn på å halda Andens einskap i fredens samband:

4  EIN lekam og EIN Ande, liksom de og er kalla med EI von i dykkar kall,

5  ein Herre, ei tru, ein dåp,

6  ein Gud og Fader til alle, han som er yver alle og gjenom alle og i alle.

7  Men kvar og ein av oss er nåden gjeven etter det målet som Kristi gåva vert tilmælt med.

8  Difor segjer Skrifti: Han for upp i det høge og førde burt fangar; han gav menneski gåvor.

9  Men det at han for upp, kva er det utan at han og fyrst for ned til lægdene på jordi?

10  Han som for ned, han er den same som for upp yver alle himlar, for at han skulde fylla alt.

11  Og det er han som gav oss sume til apostlar, sume til profetar, sume til evangelistar, sume til hyrdingar og lærarar,

12  so dei heilage kunde verta fullt tilbudde til å gjera tenesta, til uppbyggjing av Kristi lekam,

13  til dess me alle saman når fram til einskap i trui på Guds Son og i kjennskap til han, til mogen manndom, til aldersmålet for Kristi fylla,

14  so me ikkje lenger skal vera umyndige og lata oss kasta og driva um av kvar lærdoms vind ved meinspel av menneski, ved sløgd i kunster av villfaringi,

15  men at me, true mot sanningi i kjærleik, i alle måtar skal veksa upp til han som er hovudet, Kristus,

16  han som verkar at heile lekamen vert samanknytt og samanfest ved kvart band som han gjev, og veks sin vokster som lekam til si uppbyggjing i kjærleik, alt etter den verksemd som er tilmælt kvar lem.

17  Dette segjer eg då og vitnar i Herren at de ikkje lenger må ferdast som heidningane ferdast i sin hugs fåfengd,

18  formyrkte i sin tanke, framande vortne for Guds liv ved den vankunna som er i dei for deira forherda hjarto skuld,

19  med di dei hev vorte tykkjelause og hev gjeve seg i ulivnad, so dei driv med all ureinskap saman med havesykja.

20  Men de hev ikkje lært å kjenna Kristus soleis,

21  um de elles hev høyrt um han og er upplærde i han, so som sanning er i Jesus:

22  at de etter dykkar fyrre livsferd skal leggja av det gamle mennesket, som vert tynt ved dei dårande lyster,

23  men verta uppnya i dykkar hugs ånd

24  og iklæda dykk det nye mennesket, som er skapt etter Gud med den rettferd og heilagdom som sanningi verkar.

25  Legg difor av lygni og tala sanning, kvar med sin næste, av di me er kvarannans lemer.

26  Vert de vreide, so synda ikkje! Lat ikkje soli ganga ned yver dykkar harm,

27  og gjev ikkje djevelen rom!

28  Den som stal, stele ikkje lenger, men arbeide heller og gjere noko godt med hendene sine, so han kann hava noko å gjeva til dei trengande.

29  Ingen roten tale koma ut or dykkar munn, men slik tale som er god til naudsynleg uppbyggjing, so det må vera til gagn for dei som høyrer på;

30  og gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, han som de hev fenge til innsigle til utløysingsdagen!

31  All illska og villska og vreide og skriking og spotting vere langt ifrå dykk, liksom all vondskap!

32  Men ver gode mot kvarandre, miskunnsame, so de tilgjev kvarandre, liksom og Gud hev tilgjeve dykk i Kristus!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23