«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Efeserne 3

1  For den skuld bøygjer eg mine kne, eg, Paulus, Kristi Jesu fange for dykkar skuld, de heidningar -

2  um de elles hev høyrt um hushaldet med den Guds nåde som er meg gjeven for dykk,

3  at han ved openberring kunngjorde meg løyndomen, so som eg ovanfor hev skrive med få ord.

4  Når de les det, kann de av det sjå mitt skyn på Kristi løyndom,

5  som i forne tidebolkar ikkje hev vorte kunngjord for manneborni soleis som han no er openberra for hans heilage apostlar og profetar ved Anden:

6  at heidningane er medervingar og høyrer med til lekamen og hev lut med i lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet,

7  det som eg vart tenar for etter den gåva av Guds nåde som eg hev fenge ved verknaden av hans makt.

8  Meg, den aller ringaste av alle dei heilage, vart denne nåden gjeven å forkynna heidningane evangeliet um Kristi uransakelege rikdom,

9  og upplysa alle um korleis hushaldet er med den løyndomen som frå ævelege tider hev vore løynd i Gud, som hev skapt alle ting;

10  for Gud vilde at hans mangfaldige visdom no gjenom kyrkja skulde verta kunngjord for maktene og herredømi i himmelen,

11  etter det forset frå ævelege tider som han fullførde i Kristus Jesus, vår Herre,

12  han som me hev fritt mod ved og tilgjenge med tillit ved trui på han.

13  Difor bed eg at de ikkje må tapa modet ved dei trengslone eg lid for dykk, og som er dykkar æra. -

14  For den skuld bøygjer eg mine kne for Faderen,

15  som er den rette far for alt som heiter barn i himmelen og på jordi,

16  at han etter rikdomen av sin herlegdom må gjeva dykk å verta styrkte med kraft ved hans Ande i dykkar indre menneske,

17  at Kristus må bu ved trui i dykkar hjarto,

18  so de, rotfeste og grunnfeste i kjærleik, må maktast å fata med alle dei heilage kva breidd og lengd og dypt og høgd det er,

19  og kjenna Kristi kjærleik, som gjeng yver all kunnskap, so de kann verta fyllte til all Guds fylla.

20  Men honom som kann gjera meir enn alt, ovlangt yver det som me bed um eller skynar, etter den kraft som er verksam i oss,

21  honom vera æra i kyrkja og i Kristus Jesus gjenom alle ætter i alle ævor! Amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23