Paulus' brev til Efeserne 1
1 Paulus, Jesu Kristi apostel ved Guds vilje - til dei heilage i Efesus, som trur på Kristus Jesus:
2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!
3 Lova vere Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, han som hev velsigna oss med all åndeleg velsigning i himmelen i Kristus,
4 liksom han valde oss ut i han fyrr verdi vart grunnlagd, so me skulde vera heilage og ulastande for hans åsyn,
5 med di han i kjærleik fyreåt etla oss til barnekår hjå seg sjølv ved Jesus Kristus etter sin viljes frie rådgjerd,
6 til lov for sin herlege nåde, som han gav oss i han som han elskar.
7 I han hev me utløysingi ved hans blod, forlating for syndene, etter rikdomen av hans nåde,
8 som han gav oss rikleg i og med all visdom og alt vit,
9 med di han kunngjorde oss løyndomen um sin vilje etter si frie rådgjerd, som han tok med seg sjølv
10 um eit hushald han vilde skipa når tidene var fullkomne: at han atter vilde sameina alt til eitt i Kristus, både det som er i himmelen og det som er på jordi.
11 I han hev me og fenge arvlut, etter at me fyreåt var etla til det etter hans forset som verkar alt etter sin viljes rådgjerd,
12 so me skulde vera hans herlegdom til lov, me som fyreåt hadde vona på Kristus.
13 Og i han hev de og, då de hadde høyrt sannings-ordet, evangeliet um dykkar frelsa - i han hev de og, då de var komne til trui, fenge til innsigle den Heilage Ande, som var oss lova,
14 han som er pantet på vår arv til hans eigedomsfolks utløysing, hans herlegdom til lov.
15 Difor, sidan eg høyrde um dykkar tru på Herren Jesus og um dykkar kjærleik til alle dei heilage,
16 so held eg ikkje upp med å takka for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine,
17 at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Fader, må gjeva dykk visdoms og openberrings Ande til kunnskap um seg,
18 og gjeva dykkar hug upplyste augo, so de kann skyna kva von det er han hev kalla dykk til, og kor rik på herlegdom hans arv er ibland dei heilage,
19 og kor yvervættes stor hans makt er for oss som trur, etter verknaden av hans veldige kraft,
20 som han synte på Kristus då han vekte han upp frå dei daude og sette han ved si høgre hand i himmelen,
21 høgt yver all makt og yverråd og alt velde og herredøme og yver kvart namn som vert nemnt, ikkje berre i denne verdi, men og i den komande,
22 og han la alt under hans føter og gav han som hovud yver alle ting åt kyrkja,
23 som er hans lekam, fyllt av han som fyller alt i alle.