Femte Mosebok 8
1 Alle dei bodi eg gjev deg i dag, skal de akta på og leva etter dei; då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet Herren hev lova federne dykkar, og eigna det til dykk.
2 Og kom i hug den lange vegen Herren din Gud hev late deg fara i øydemarki i desse fyrti åri, av di han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje.
3 Han let deg svelta og lida vondt, og so metta han deg med manna, som du ikkje kjende til, og federne dine ikkje heller, so du skulde vita at menneskja lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn, gjev menneskja liv.
4 Klædi dine vart ikkje utslitne, og foten din trutna ikkje i desse fyrti åri.
5 So må du då skyna at Herren din Gud vilde tukta og rettleida deg, liksom ein mann når han tuktar upp son sin.
6 Haldt då bodi åt Herren din Gud! Gakk på hans vegar, og hav age for han!
7 For Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med bekker og kjeldor og vassårer, som kjem fram i dalane og på fjelli,
8 eit land med kveite og bygg, med vintre og fiketre og granatepletre, med oljetre og honning;
9 der tarv du ikkje eta brødet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinane av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar.
10 Når du so et og vert mett og lovar Herren din Gud for det gilde landet han gav deg,
11 so akta deg at du ikkje gløymer Herren din Gud og bodi og fyresegnene og lovene hans, som eg legg fyre deg i dag!
12 Når du hev nøgdi av mat og byggjer deg gilde hus til å bu i,
13 og bufeet ditt økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar,
14 so akta deg at ikkje ovmod fær rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren din Gud, han som førde deg ut or Egyptar-landet, or slavehuset,
15 han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki millom eiterormar og skorpionar og yver vasslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget,
16 han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og so gjera vel imot deg.
17 Seg ikkje med deg sjølv: Det er mi eige kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.
18 Men kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna deg rikdom, av di han vil halda det han lova federne dine, soleis som han til desse hev gjort.
19 Men gløymer du Herren din Gud og fer etter andre gudar og tener dei og tilbed dei, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst.
20 Liksom dei heidningane Herren gjer ende på for dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunns, for di de ikkje lyder Herren dykkar Gud.