Femte Mosebok 5
1 Og Moses kalla i hop heile Israel og sa til dei: Høyr, Israel, dei lovene og bodi som eg lyser for dykk i dag, og lær dei og akta på dei so de lever etter dei!
2 Herren vår Gud gjorde ei pakt med oss på Horeb.
3 Ikkje med federne våre gjorde Herren den pakti, men med oss, alle me her som lever i dag.
4 Åsyn mot åsyn tala Herren med dykk på fjellet midt utor elden.
5 Eg stod millom Herren og dykk den gongen og bar ordi hans fram for dykk; for de var redde elden og våga dykk ikkje upp på fjellet. Han sa:
6 Eg er Herren din Gud, som førde deg ut or Egyptar-landet, or slavehuset.
7 Du skal ikkje hava andre gudar attåt meg.
8 Du skal ikkje gjera deg noko utskore bilete, nokor likning av det som er uppi himmelen, eller det som er nedpå jordi, eller det som er i vatnet nedanfor landjordi.
9 Du skal ikkje tilbeda dei og ikkje tena dei; for eg, Herren din Gud, er ein streng Gud; eg hemner broti åt federne på borni og barneborni og barnebarns-borni av dei som hatar meg,
10 men imot dei som elskar meg og held bodi mine, gjer eg miskunn i tusund ættleder.
11 Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.
12 Du skal akta på kviledagen og halda han heilag, soleis som Herren din Gud hev sagt deg fyre!
13 Seks dagar må du arbeida og gjera alt det du skal.
14 Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di eller drengen din eller tenestgjenta di eller uksen eller asnet eller noko anna av dyri dine eller den framande som held til innan portane dine, so tenarane dine kann få kvila dei som du.
15 For du skal koma i hug at du sjølv var tenar i Egyptar-landet, og at Herren din Gud førde deg ut derifrå med sterk hand og strak arm; difor hev Herren din Gud sagt deg at du skal halda sabbatsdagen.
16 Æra far din og mor di, som Herren din Gud hev sagt deg fyre; då skal du få leva lenge og vel i det landet som Herren din Gud gjev deg.
17 Du skal ikkje slå i hel.
18 Og du skal ikkje vera utru mot maken din.
19 Og du skal ikkje stela.
20 Og du skal ikkje vitna rangt imot næsten din.
21 Og du skal ikkje trå etter kona åt næsten din. Og du skal ikkje trå etter huset åt næsten din eller garden hans eller drengen eller tenestgjenta hans eller uksen eller asnet hans eller noko anna som høyrer næsten din til.
22 Desse ordi tala Herren på fjellet med høg røyst til heile lyden dykkar, midt utor elden og skyi og myrkret, og meir sa han ikkje; og han skreiv dei på tvo steintavlor og gav dei til meg.
23 Men då de høyrde røysti midt utor myrkret og såg fjellet stod i ljos loge, då kom de til meg, alle ættehovdingane og styresmennene dykkar,
24 og sa: No hev Herren vår Gud synt oss sin herlegdom og sitt velde, og me hev høyrt røysti hans midt utor elden; i dag hev me set at ein mann kann leva um Gud hev tala med han.
25 Kvi skal me då døy? For denne svære elden kjem til å tyna oss. Høyrer me no lenger på røysti åt Herren vår Gud, so døyr me.
26 For kven finst det på jordi som hev høyrt den levande Gud tala midt utor elden som me, og endå fenge leva?
27 Gakk du innåt og høyr kva Herren vår Gud segjer! So kann du segja til oss alt det han talar til deg, og me skal høyra og lyda.
28 Då Herren høyrde kva de tala med meg um, sa han til meg: Eg høyrde kva folket sa til deg; det er rett alt det dei hev sagt.
29 Gjev dei alle tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga dei og borni deira vel i all æva!
30 Gakk burt til dei og seg at dei kann ganga heim att til buene sine.
31 Men du lyt vera att her hjå meg, so eg kann segja deg alle bodi og lovene og fyresegnene som du skal læra dei, og som dei skal leva etter i det landet eg gjev dei til eiga.
32 So akta då på det som Herren dykkar Gud hev sagt dykk, og lev etter det! Tak ikkje or leidi, korkje til høgre eller vinstre!
33 Fylg allstødt den vegen som Herren hev synt dykk! Då skal de trivast og leva både vel og lenge i det landet de fær til eiga.