Femte Mosebok 34
1 So gjekk Moses frå Moab-moane upp på Nebo-fjellet, som er den høgste tinden på Pisga og ligg midt for Jeriko, og Herren synte han heile landet: Gilead alt til Dan
2 og heile Naftali og Efra'ims - og Manasse-landet og heile Juda-landet radt til havet i vest
3 og sudlandet og Jordan-sletta, dalen kring Jeriko - Palmebyen - alt til Soar.
4 Og Herren sa til han: Dette er det landet eg lova Abraham og Isak og Jakob at eg vilde gjeva ætti deira. No hev eg late deg sjå det for augo dine, men du sjølv skal ikkje få koma inn i det.
5 So døydde Moses, Herrens tenar, der i Moab-landet, som Herren hadde sagt.
6 Han jorda han i dalen midt for Bet-Peor, i Moab-landet, og hev til denne dag ingen visst um gravi hans.
7 Moses var hundrad og tjuge år gamal då han døydde; men endå hadde han ikkje dimst på syni eller veikna i åndi.
8 Israels-borni gret yver Moses på Moab-moane i tretti dagar; då fyrst var det ende på syrgjehøgtidi.
9 Moses hadde lagt hendene på Josva, son åt Nun, so han var full av visdomsånd, og Israels-borni lydde han og gjorde som Herren hadde sagt Moses fyre.
10 Men aldri sidan steig det fram i Israel ein profet som Moses, som var so vel kjend med Herren at dei talast ved andlet til andlet.
11 Kom i hug alle dei teikn og under Herren sette han til å gjera i Egyptar-land med Farao og alle tenarane og heile landet hans,
12 og kom i hug alle dei veldige verk og agelege gjerningar han gjorde for augo åt heile Israel!