Femte Mosebok 33
1 Dette er den velsigningi som gudsmannen Moses lyste yver Israels-borni fyrr han døydde.
2 Han sa: Herren kom frå Sinai, steig upp for dei ifrå Se'ir, skein ifrå Paran-fjellet, gjekk fram or dei heilage herar, ved hans høgre hand lyste lov-elden* for dei.
3 Ja, han elskar folket sitt høgt; dine* heilage er i du hand; dei flokkar seg kring din for, dei lyder trutt på din tale.
4 Moses gav oss ei lov, ein arv for lyden åt Jakob.
5 Og han* vart konge i Jesurun**, då hovdingane slo seg i hop, og Israels-ættene eintest.
6 Lat Ruben leva og aldri døy ut, men mennene hans verta få i talet!
7 Og um Juda sa han dette: Høyr Herre, ropi frå Juda, og før han heim til sitt folk! Med sine hender strider han for det; ver du han ei hjelp mot hans fiendar!
8 Og um Levi sa han: Dine tummim og urim gjev lyden åt den som hev vore deg lydig, han som du røynde ved Massa og tretta med ved Meriba,
9 han som sa um far sin og mor si: Eg ser ikkje desse folki, som ikkje kjendest ved sine brør og ikkje visste av sine born; for han akta på ordi dine og kom di pakt i hug.
10 Han lærer Jakob di lov og Israels lyd dine bod, han legg røykjelse for ditt andlet og heiloffer på ditt altar.
11 Velsigna, herre, hans styrke, hav hugnad i alt hans verk! Brjot ryggen på dei som er mot han, so dei aldri vinn reisa seg meir!
12 Um Benjamin sa han: Han er hjartebarnet åt Herren og bur so trygt hjå han; han kviler imillom hans herdar; stødt held Gud si hand yver han.
13 Og um Josef sa han: Med dogg og dyre himmelgåvor velsigne Herren landet hans, med vatn utor det store djupet som gøymt innunder jordi ligg,
14 med alt det beste soli el, det beste månane driv fram,
15 alt godt ifrå dei gamle fjelli, alt hævt frå ævelege haugar,
16 alt gjævt og gildt som fyller jordi, hans nåde som i klungeren budde; det kome yver Josefs hovud, det kryne kvervelen åt han som hovding er bland sine brør!
17 Ovgild er hans frumborne ukse*, hans horn er som villuksehorn; med dei stangar han alle folki til verdsens ytste endemark. Det er Efra'ims store herar, det er Manasses sterke hop.
18 Og um Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, i di utferd, og du, Issakar, i dine tjeld!
19 Til sitt fjell bed dei folki koma; der ofrar dei rettferds offer; for utor sjøen syg dei rikdom og skattar gøymde i sanden.
20 Og um Gad sa han: Lova vere han som gjev Gad romt land! Der ligg han og lurer som løva og riv sund herdar og hovud.
21 Han såg seg ut fyrste luten; for der ligg den lut som er etla åt han av han som gav lovi; so for han fram fyre folket, og saman med Israels-borni gjorde han alt det Herren sa fyre, alt det som var rett i Guds augo.
22 Og um Dan sa han: Dan er ein løveunge som bykser fram ifrå Basan.
23 Og um Naftali sa han: Naftali, metta med nåde og fyllt med Herrens velsigning - tak vestland og sudland i eige!
24 Og um Aser sa han: Sælaste sonen vert Aser, kjæraste bror millom brørne; i olje fær han duppa foten.
25 Av kopar og jarn er ditt lås, og di kvild so lang som ditt liv!
26 Det finst ingen som Gud, Jesurun*! Han fer deg til hjelp yver himmelen og ek i si allmakt på skyene.
27 Ein bustad er den eldgamle Gud; hit ned når hans evige armar. Han driv burt for deg din uven og segjer til deg: Øyd ut!
28 So bur Israel trygt og åleine, og Jakob hev auga sitt vendt mot eit land fullt av druvor og korn, og doggi dryp frå hans himmel.
29 Å, Israel, kor du er sæl! Kven er vel som du? - eit folk som hev Herren til frelsar, ditt verjande skjold og ditt veldige sverd! Sjå, fiendane smeikje for deg, medan du skrid fram yver høgdene deira.