Femte Mosebok 32
1 Høyr, de himlar, på meg med eg talar, lyd, du jord, på ordi frå min munn!
2 Som regnet risle mi læra, som doggi drjupe mitt ord, som skurer på grøne groen, som él på urter og gras!
3 For Herrens namn vil eg forkynna; høgt love de Herren vår Gud!
4 Eit fjell er han, fullkome er hans verk; for rettferd er alle hans vegar - ein trufast Gud og sviklaus; rettferdig og rettvis er han.
5 Tru han hev gjort folket sitt vondt? Nei, borni hans dei hev skammi - ei rangsnudd og svikfull ætt.
6 Er det soleis de løner Herren, du dårlege, fåvise folk! Er ikkje han din far, som vann deg åt seg? Han skapte deg og laga deg.
7 Hugs etter ævordoms dagar, akta på åri, ætt etter ætt! Spør far din, han gjer deg fråsegn - dine gamle, av dei fær du grein.
8 Då den Høgste skifte ut heimen og gav folket eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskil åt folki etter talet på Israels born.
9 For Herrens lut er hans folk, Jakob er hans eiga og arv.
10 Herren fann han på aude viddi, i heidi der villdyri ylte; han verna han, og han vakta han som sin augnestein.
11 Som ørnen vekkjer sitt elde og sviv yver ungane sine, so breidde han ut sine venger og bar han på flogfjørene sine.
12 Det var Herren åleine som førde han, og ingen framand gud fylgde med.
13 Han førde han fram yver høgdene på jordi, let han eta av grøda på marki; han fekk suga honning or berget og olje or hardaste stein;
14 rjome og sauemjølk fekk du, feitt av lamb og av verar frå Basan, og av bukkar med, attåt feitaste kveitemergen, og druveblod drakk du, vin.
15 Jesurun* vart feit og slo bakut - feit vart du, foreten og stinn; han skaut ifrå seg Gud, sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
16 Dei gjorde han åbruig med avgudar, med styggedom* harma dei han.
17 Dei ofra til makter som ikkje er Gud, til gudar dei ikkje kjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje ottast.
18 Fjellet, ditt upphav, ansa du ikkje; du gløymde Gud, som gav deg livet.
19 Og Herren såg det og støytte dei burt; han harmast på sine søner og døtter.
20 Han sa: Eg skal løyna mi åsyn for dei; eg vil sjå kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
21 Dei gjorde meg åbruig med u-gudar*, harma meg med sine skrymt-gudar. Eg skal gjera dei åbruige med eit u-folk, med eit uvitugt folk skal eg harma dei.
22 For ein eld er kveikt i min vreide og logar til djupaste helheimen; han øyder landet og grøda deg og fatar i grunnvollane under fjelli.
23 Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver dei; kvar ei pil eg hev i mi eiga, skal eg skjota av imot dei.
24 Når svolt og svidande sotter hev soge mergen or dei, sender eg mot dei udyrtonni og eiter av krjupande orm.
25 Ute skal sverdet herja og inne i kovane redsla; dei tyner både sveinar og møyar, sogbarnet og den gråhærde mannen.
26 Eg hadde vilja blåse dei burt, so ingen mintest dei meir,
27 um eg ikkje ottast fiendane skulde krenkja meg, at uvenene deira skulde tyda det rangt og segja: Det var vår hand som var so sterk; det var ikkje Herren som gjorde alt dette.
28 For dei er eit folk utan visdom; det finst ikkje vit i dei.
29 Var dei vise, so skyna dei dette, då visste dei kvar det bar av.
30 Korleis kunde EIN elta tusund, og tvo slå ti tusund på flog, um ikkje deira fjell hadde selt dei og Herren gjeve dei upp?
31 For deira fjell er ikkje som vårt fjell; det vitnar fienden sjølv.
32 I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvone på dei er giftige druvor, og beisk er kvar einaste krans.
33 Vinen av dei er drake-eiter og øgjeleg ormegift.
34 Ligg ikkje dette gøymt hjå meg, forsegla i mine bur?
35 Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut; for det lid alt mot undergangsdagen, og lagnaden deira kjem brått.
36 Sine tenarar tykkjer Gud synd um og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på makti og ute med gamal og ung.
37 Han spør: Kvar tru er deira gudar - det fjellet dei trygde seg til -
38 som åt deira slaktofferfeita og drakk deira drykkoffervin? - Bed dei reinsa seg og berga dykk, bed dei vera vern for dykk!
39 No ser de vel det er eg, og at ingen annan er Gud! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg lækjer; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.
40 For eg lyfter mi hand imot himmelen: So visst eg hev æveleg liv:
41 Når eg kvesser det ljonande sverdet og stend med domen i hand, tek eg hemn yver fiendane mine, gjev den som hatar meg, det han er verd.
42 Med kjøt vert sverdet mitt metta, mine piler drukne av blod - blodet av falne og fangar, av fiendehovdingen sjølv.
43 Prisa hans folk, de heidningar! For han hemner blodet åt tenarane sine; yver fiendane sine fører han hemn og gjer soning for sitt land og sitt folk.
44 Då Moses hadde kvede alle versi i denne songen for folket, han og Hosea Nunsson,
45 og hadde tala alle desse ordi til heile Israel,
46 so sa han til dei: Akta no vel på alle dei ordi som eg gjer til eit vitne mot dykk i dag, so de kann læra borni dykkar å halda alle ordi i denne lovi og leva etter dei!
47 For dette er ikkje noko tomt ord, som ikkje gjeld for dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de få leva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.
48 Same dagen tala Herren til Moses og sa:
49 Stig upp på Abarim-fjellet her, på Nebo-tinden, som ligg i Moab-landet, midt for Jeriko, so skal du få skoda Kana'ans-landet, som eg gjev Israels-borni til eigedom,
50 og der uppå fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron, bror din, døydde på Hor-fjellet og for til federne sine,
51 for di de synda mot meg millom Israels-borni ved Meriba-kjelda i Kades i Sin-øydemarki og ikkje helga meg millom dei.
52 Du skal få sjå landet framfyre deg, men inn skal du ikkje koma i det landet som eg gjev Israels-borni.