Femte Mosebok 3
1 So tok me på ei onnor leid og for uppover på vegen til Basan, og Og, kongen i Basan, kom imot oss til Edre'i med alt herfolket sitt og baud ufred.
2 Men Herren sa til meg: Du tarv ikkje vera redd han. Eg gjev han i dine hender med alt folket og landet hans, og du skal gjera med han som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritane, som budde i Hesbon.
3 So gav Herren vår Gud Basan-kongen Og i våre hender, både han og alt folket hans, og me hogg dei ned, so ingen vart att eller slapp undan.
4 Den gongen tok me alle byane hans - det fanst ikkje ein by utan me tok han frå dei - seksti byar, heile Argob-landet, riket åt Og i Basan.
5 Alle desse var faste borger med høge murar og doble portar med slå fyre. Umfram dei tok me og ei stor mengd med landsbyar.
6 Me bannstøytte dei, som me hadde gjort med Sihon, kongen i Hesbon; kvar einaste by bannstøytte me, både menner, kvinnor og born.
7 Men alt bufeet og herfanget i byane eigna me til oss.
8 Soleis tok me den gongen landet frå båe amoritarkongane på denne sida* av Jordan, alt ifrå Arnon-åi til Hermon-fjellet
9 - det er det som sidonitane kallar Sirjon og amoritane Senir -
10 alle byane på sletta og heile Gilead og heile Basan radt til Salka og Edre'i, tvo byar i riket åt Og i Basan.
11 For Og, kongen i Basan, var den siste som var att av refa'itane; sengi hans stend, som alle veit, i Rabba, hovudstaden åt ammonitane; ho er av jarn og er ni alner lang og fire alner breid etter vanleg alnemål.
12 Dette landet la me under oss då: Bygdene nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnon-åi, og helvti av Gilead-fjelli med byane som der var, let eg rubenitane og gaditane få.
13 Og det som var att av Gilead og heile Basan, riket åt Og, heile Argob-landet, gav eg til den halve Manasse-ætti. Heile dette Basan-riket kallar dei refa'it-landet.
14 Ja'ir, son åt Manasse, tok heile Argob-landet radt til bytet mot gesuritane og ma'akatitane; desse bygdene, Basan-bygdene, gav han namn etter seg sjølv, og sidan hev folk kalla dei Ja'irsbygdene, alt til denne dag.
15 Gilead let eg Makir få,
16 og rubenitane og gaditane gav eg landet frå Gilead til Arnon-åi, til midt i åi, og landet langs med den, og til Jabbok-åi, som er landskilet mot Ammons-borni,
17 og moane og Jordan-åi og landet langs med den, frå Kinneret til Moavatnet - det som dei kallar Saltsjøen - nedunder Pisgalidene, på austsida.
18 Den gongen var det eg sa til dykk: Dette landet hev Herren dykkar Gud gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-borni, so mange av dykk som er våpnføre,
19 og berre konone og borni dykkar og bufeet - for eg veit de hev mykje bufe - skal vera att i byane som eg hev gjeve dykk;
20 men når Herren hev late brørne dykkar koma til ro liksom de, og dei og hev lagt under seg det landet som Herren dykkar Gud gjev dei på hi sida Jordan, då kann de fara heim att, kvar til den eigedomen, som eg hev gjeve dykk.
21 Same gongen sa eg til Josva: Du såg sjølv kva Herren dykkar Gud gjorde med desse tvo kongane; so vil Herren gjera med alle dei riki du fer yver til.
22 De tarv ikkje reddast dei; for Herren dykkar Gud vil sjølv strida for dykk.
23 For same gongen bad eg so vent til Herren og sa:
24 Herre, Herre! Du hev alt synt tenaren din so mykje av din storleik og di makt; for kvar finst det ein gud i himmelen eller på jordi som kann gjera slike storverk og under som du?
25 Å lat meg få koma yver og sjå det gilde landet på hi sida åt Jordan, dette gilde fjell-landet og Libanon!
26 Men Herren var harm på meg for dykkar skuld; han vilde ikkje høyra på meg og sa: No lyt det vara nok! Tala ikkje um det til meg meir!
27 Stig upp på Pisga-tinden og vend augo dine mot vest og mot nord og mot sud og mot aust, og sjå vidt ikring deg! For denne Jordan-åi kjem du aldri yver.
28 So skal du segja Josva fyre og styrkja og stålsetja han; for han skal føra dette folket yver og hjelpa dei til å vinna det landet du fær sjå.
29 So la me oss til i dalen, midt for Bet-Peor.