«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 27

1  Og Moses og styresmennene i Israel tala til folket og sa: Akta vel på alle dei bodi eg lærer dykk i dag.

2  Og når de kjem yver Jordan, til det landet som Herren din Gud gjev deg, då skal du reisa upp nokre store steinar og kalka dei;

3  på dei skal du, når du er komen yver, skriva alle bodi i denne lovi, so sant du då vil inn i det landet Herren din Gud gjev deg, det landet som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, Gud åt federne dine, hev lova deg.

4  På Ebal-fjellet skal de reisa upp desse steinane som eg talar til dykk um no, og kvita dei med kalk, og det skal de gjera med same de hev kome yver Jordan.

5  Og du skal byggja eit altar der åt Herren din Gud, eit steinaltar; men du må ikkje bruka bitjarn på steinane;

6  av heile steinar skal du byggja altaret, og du skal ofra brennoffer på det til Herren din Gud.

7  Og du skal ofra takkoffer og halda måltid der og gleda deg for augo åt Herren din Guds.

8  Og so skal du skriva alle ordi i denne lovi på steinane, klårt og greidt.

9  Og Moses og Levi-prestane tala til heile Israel og sa: Gjev gaum og høyr, Israel! På denne dag hev du vorte folket åt Herren din Gud.

10  So ver då lydig mot Herren din Gud, og haldt bodi og lovene hans, som eg lærer deg i dag!

11  Og same dagen tala Moses til folket og sa:

12  Når de er komne yver Jordan, då skal Simeon og Levi og Juda og Issakar og Josef og Benjamin standa på Garisim-fjellet og lysa velsigning yver folket.

13  Og Ruben, Gad og Aser og Sebulon og Dan og Naftali skal standa på Ebal-fjellet og lysa forbanning.

14  Og levitane skal taka til ords og segja so høgt at kvar mann i Israel høyrer det:

15  Forbanna vere den hev ein kunstmann til å gjera seg eit gudebilete, utskore eller støypt, og set det upp i løynd, det som er ein styggedom for Herren! Og heile folket skal svara: Amen.

16  Forbanna vere den som vanvyrder far sin eller mor si! Og heile folket skal segja: Amen.

17  Forbanna vere den som flyt merkesteinane millom seg og grannen! Og heile folket skal segja: Amen.

18  Forbanna vere den som fører ein blind på galen veg! Og heile folket skal segja: Amen.

19  Forbanna vere den som rengjer retten for ein framand eller ein farlaus eller ei enkja! Og heile folket skal segja: Amen.

20  Forbanna vere den som ligg med stykmor si! Han skjemmer lega åt far sin! Og heile folket skal segja: Amen.

21  Forbanna vere den som blandar seg med dyr! Og heile folket skal segja: Amen.

22  Forbanna vere den som ligg hjå syster si anten det er heilsyster eller halvsyster! Og heile folket skal segja: Amen.

23  Forbanna vere den som ligg hjå vermor si! Og heile folket skal segja: Amen.

24  Forbanna vere den som slær nokon i hel i løynd! Og heile folket skal segja: Amen.

25  Forbanna vere den som tek mutor og valdar at ein uskuldig let livet! Og heile folket skal segja: Amen.

26  Forbanna vere den som ikkje held ordi i denne lovi og ikkje lever etter dei! Og heile folket skal segja: Amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23