«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 26

1  Når du kjem inn i det landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga, og legg det under deg og fester bu der,

2  då skal du taka noko av fyrstegrøda av alt som du avlar på der i landet, og leggja i ei korg og fara til den staden Herren din Gud vel seg til bustad åt namnet sitt.

3  Der skal du ganga fram for den presten som då er, og segja til han: Eg vitnar i dag framfor Herren din Gud at eg er komen inn i det landet han lova federne våre å gjeva oss.

4  Og presten skal taka imot korgi og setja henne ned framfor altaret åt Herren din Gud.

5  So skal du taka soleis til ords for Herrens åsyn: Ættefar min var ein heimlaus aramear; han for ned til Egyptar-land og heldt til der med ein liten flokk, der vart han til eit stort og sterkt og fjølment folk.

6  Men egyptarane for ille med oss og plaga oss og la tungt arbeid på oss.

7  Då ropa me til Herren, Gud åt federne våre; og Herren høyrde oss og såg naudi og møda og trengsla vår.

8  Og Herren førde oss ut or Egyptar-land med sterk hand og strak arm og med store, skræmelege verk og med teikn og under,

9  og han førde oss hit og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10  Og sjå no kjem eg med fyrstegrøda av det eg hev avla i det landet du hev gjeve meg, Herre! So skal du leggja det ned for Herrens åsyn og kasta deg på kne for Herren din Gud;

11  og du skal gleda deg i alt det gode Herren din Gud hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitane og dei framande som bur i landet ditt.

12  Når du i det tridje året, tiendåret, hev reidt ut heile tiendi av avlingi di, og du hev gjeve levitane og dei framande og dei farlause og enkjone, so dei hev fenge sitt nøgje hjå deg i byane dine,

13  då skal du tala so framfor Herren din Gud: No hev eg bore det heilage ut or huset og gjeve det til levitane og dei framande, dei farlause og enkjone, heiltupp soleis som du hev sagt meg fyre; eg hev ikkje brote noko av bodi dine og ikkje gløymt noko av dei.

14  Ikkje hev eg ete noko av tiendi medan eg hadde sorg, og ikkje bore burt noko medan eg var urein, og ikkje sendt noko til eit gravøl. Eg hev vore lydig mot Herren min Gud og i alle måtar soleis som du hev sagt meg fyre.

15  Sjå ned frå den heilage bustaden din i himmelen, og velsigna Israel, folket ditt, og det landet du hev gjeve oss, soleis som du lova federne våre, det landet som fløymer med mjølk og honning.

16  I dag segjer Herren din Gud deg det at du skal halda desse lovene og bodi. So akta då vel på at du lever etter dei av alt ditt hjarta og all din hug!

17  Du hev i dag gjeve Herren ditt ord at han skal vera din Gud, og at du vil ganga på hans vegar og halda lovene og bodi og fyresegnene hans og vera han lydig.

18  Og Herren hev i dag gjeve deg sitt ord at du skal vera hans eige folk, soleis som han hev sagt deg; og held du alle bodi hans,

19  so vil han hevja deg høgt yver alle folk han hev skapt, til æra og gjetord og pryd, og du skal vera eit heilagt folk for Herren din Gud, soleis som han hev sagt.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23