«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 24

1  Når ein mann hev teke seg ei kona og ført henne heim, hender det at han ikkje kann lika henne lenger, av di han hev funne noko ufyse hjå henne. Då skriv han kann henda eit skilsmålsbrev og gjev henne i hand og sender henne or huset.

2  Dersom no ho, etter ho hev flutt ifrå han, gjeng stad og gifter seg med ein annan,

3  og denne andre fær uhug til henne og gjev henne skilsmålsbrev og sender henne frå seg, eller den andre mannen hennar døyr,

4  so må ikkje den fyrste mannen, som hadde skilt seg med henne, taka henne til kona att, etter ho hev vorte urein; for slikt er ein styggedom i Herrens augo, og du skal ikkje føra synd yver det landet som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga.

5  Ein nygift mann skal ikkje fara ut i strid, og det må ikkje leggjast andre tyngslor på han heller; han skal vera fri eit heilt år, til gagn for heimen sin og til hyggja for kona som han hev fenge.

6  Ingen må taka ei handkvern eller ein kvernstein i vissa, for då tek han livet i vissa.

7  Kjem du yver ein mann som ranar burt nokon millom Israels-borni, og fer med han som med ein træl eller sel han, so skal den ransmannen døy; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

8  Tak deg i vare for spillsykja, so du aktar vel på alt det som Levi-prestane lærer dykk, og held deg eter det! Soleis som eg hev sagt dei fyre, lyt de leggja dykk vinn um å gjera.

9  Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med Mirjam då de var på vegen frå Egyptar-land!

10  Når du låner næsten din noko, må du ikkje ganga inn i huset hans og taka det du skal hava i vissa.

11  Du skal standa utanfor, og den du gjev lånet, skal sjølv koma ut til deg med vissa.

12  Er det ein fatigmann, so må du ikkje hava vissa hans hjå deg um natti;

13  du skal lata han få henne att når soli glader, so han kann sova i kjolen sin; då vil han velsigna deg, og Herren din Gud vil rekna deg det til rettferd.

14  Du skal ikkje gjera urett mot ein leigekar som lid naud og er fatig, anten han er ein av brørne dine eller ein av dei framande som held til i nokon av byane i landet ditt.

15  Du skal gjeva han løni si på dagen, og fyrr enn soli glader; for han er fatig og stundar etter løni. Elles kunde han klaga deg for Herren, og du fekk synd på deg.

16  Foreldre skal ikkje lata livet for det borni hev gjort, og born ikkje for det foreldri hev gjort; kvar skal lata livet for sitt eige brot.

17  Du skal ikkje rengja retten for ein framand eller farlaus og ikkje taka klædi åt ei enkja i vissa.

18  Kom i hug at du var træl i Egyptar-land, og at Herren din Gud fria deg ut derifrå! Difor er det eg segjer du skal fara so.

19  Når du køyrer inn lodi og gløymer eit kornband på åkeren, skal du ikkje ganga attende etter det; du skal lata dei framande og farlause og enkjone hava det; då skal Herren din Gud velsigna deg i alt du tek deg fyre.

20  Når du hev rist oljetrei, skal du ikkje leita etter frukt som kann ha vorte hangande på greinene; den lyt dei framande og dei farlause og enkjone få.

21  Når du hev hausta vinhagen, skal du ikkje sanka dei druvone som att er; dei skal vera åt dei framande og dei farlause og enkjone.

22  Kom i hug at du var træl i Egyptar-landet! Difor er det eg segjer deg at du skal fara so.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23