«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 22

1  Ser du ein ukse eller eit lamb som høyrer bror din til, og som hev kome på vidåtta, so skal du ikkje draga deg undan; du skal hava dei attende til bror din;

2  men bur ikkje han tett attmed deg, eller veit du ikkje kven det er, so skal du taka dei heim til deg sjølv og hava dei der til bror din kjem og spør etter dei, so du kann få gjeve han dei att.

3  Det same skal du gjera når du finn eit asen, eller eit klædeplagg eller kva det elles kann vera som bror din hev mist, eller som hev kome burt for han; du må ikkje draga deg undan.

4  Ser du eit asen eller ein ukse som høyrer bror din til, og som ligg i ålvelta på vegen, so må du ikkje draga deg undan, men hjelpa mannen å reisa dei upp att.

5  Ei kvinna må ikkje ganga i karmannsbunad, og ein kar må ikkje klæda seg i kvinneklæde; for dei som det gjer, er ein styggedom for Herren din Gud.

6  Når du fer etter ein veg og råkar på eit fuglereir med ungar eller egg i eit tre eller på marki, og mori ligg på ungane eller eggi, so skal du ikkje taka både mori og ungane;

7  du skal lata mori fljuga, men ungane kann du taka. Då skal du få leva både vel og lenge.

8  Når du byggjer deg nytt hus, skal du setja eit handrev kring taket; elles kunde einkvar detta ned, og då kom du til å føra blodskuld yver huset ditt.

9  Du skal ikkje so noko i vingarden din; gjer du det, so fell heile avlingi under heilagdomen, både av det du hev sått, og av vintrei.

10  Du skal ikkje setja ein ukse og eit asen i hop for plogen

11  Du skal ikkje ganga med klæde som er gjorde av tvo slag vyrke, ull og lin i hop.

12  Du skal gjera deg duskar i alle fire snippane på kjolen du gjeng med.

13  Når ein mann tek seg ei kona, men fær uhug til henne etter dei hev kome i hop,

14  og so kjem med skuldingar mot henne og set ut eit stygt ord um henne og segjer: Eg gifte meg med denne kvinna, men då me kom i hop, skyna eg at ho hadde mist møydomen,

15  so skal foreldri åt gjenta taka møydomsmerki hennar og hava med seg på tinget, til styresmennene der i byen,

16  og faren skal segja so til styresmennene: Eg let denne mannen få dotter mi, men no hev han fenge uhug til henne,

17  og so kjem han med skuldingar mot henne og segjer: Eg fann ikkje møydom hjå dotter di; men sjå her er møydomsmerki hennar. Dermed skal dei breida ut klædet for augo åt styresmennene.

18  Og styresmennene skal taka mannen og gjeva han hogg

19  og leggja han ei bot på hundrad sylvsekel; dei skal dei gjeva til far åt gjenta. Det skal mannen hava for di han sette ut eit stygt ord um ei møy i Israel; og ho skal vera kona hans som ho hev vore; han må ikkje skilja seg med henne so lenge han lever.

20  Men er skuldingi sann, hadde ikkje gjenta møydomen sin,

21  so skal dei føra henne burt til døri til farshuset hennar, og mennene der i byen skal steina henne i hel, for ho hev gjort eit skjemdarverk og fare åt som ei skjøkja i huset åt far sin. Soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

22  Kjem de yver ein mann som ligg hjå ei gift kvinna, so skal dei døy båe tvo, både mannen og kvinna han låg hjå; soleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

23  Er ei ungmøy trulova med ein mann, og ein annan mann råkar henne i byen og ligg hjå henne,

24  so skal de stemna båe tvo for retten og so steina dei i hel, gjenta for di ho ikkje ropa på hjelp, endå det var i byen dette hende, og mannen for di han hev skjemt ut annan manns kona; soleis skal du rydja det vonde ut or lyden.

25  Men er det ute på marki ein mann råkar ei gjenta som er trulova, og han tek henne med makt og ligg hjå henne, so skal berre mannen lata livet;

26  gjenta skal du ikkje gjera noko; ho hev ingi synd gjort som ho skulde missa livet for. For med dette er det som når ein mann ryk på ein annan og slær han i hel.

27  Mannen råka gjenta ute på marki, og ho skreik, men der var ingen til å hjelpa henne.

28  Når ein mann råkar på ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg hjå henne, og folk kjem yver dei,

29  so skal mannen gjeva far åt gjenta femti sylvsekel for di han hev skjemt henne ut; han må ikkje skilja seg med henne so lenge han lever.

30  Ingen må taka stykmor si til kona eller søkja seng med henne.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23