«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Femte Mosebok 20

1  Når du fer ut i strid mot fienden og ser hestar og vogner og fleire herfolk enn du hev sjølv, so ver ikkje redd dei! Herren din Gud er med deg, han som førde deg upp frå Egyptar-landet.

2  Når de stend budde til å ganga i striden, skal presten stiga fram og tala til folket

3  og segja: Høyr, Israel! I dag stend de budde til å ganga i strid mot fiendane dykkar! Tap ikkje modet! Ver ikkje redde eller hugfalne eller forstøkte!

4  For Herren dykkar Gud gjeng sjølv med dykk og vil strida for dykk mot fiendane og hjelpa dykk.

5  So skal tilsynsmennene tala til folket og segja: Er her nokon som hev bygt seg nytt hus, men endå ikkje vigsla det, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan vigsla huset.

6  Og er her nokon som hev planta ein vinhage, men endå ikkje havt noko gagn av han, då kann han fara heim att, so han ikkje skal falla i striden og ein annan hausta hagen.

7  Og er her nokon som hev fest seg ei brur, men endå halde brudlaup, då kann han fara heim att, so skal falla i striden og ein annan få bruri.

8  Dette skal og tilsynsmennene segja til folket: Er det nokon som er redd og hugfallen, då kann han fara heim att, so ikkje brørne hans skal missa modet liksom han sjølv.

9  Og når tilsynsmennene er ferdige med det dei hev å segja til folket, skal de setja hovdingar yver heren.

10  Når du gjeng fram mot ein by og vil strida mot han, skal du fyrst bjoda fred.

11  Tek dei då imot tilbodet og opnar portane for deg, so skal alt folket i byen arbeida for deg og vera tenarane dine.

12  Vil dei ikkje gjera fred, men vil stridast med deg, so skal du kringsetja byen;

13  og når Herren din Gud gjev han i dine hender, skal du hogga ned alle karmenner;

14  men kvinnone og borni og bufeet og alt anna som finst i byen, alt herfanget, kann du eigna til deg, og du kann nøyta herfanget du tek frå fiendane, og som Herren din Gud hev gjeve deg.

15  Soleis skal du gjera med alle byar som ligg langt burte og ikkje høyrer desse folki til.

16  Men i dei byane som høyrer desse folki til, og som Herren din Gud gjev deg til odel og eiga, der skal du ikkje spara eit einaste liv.

17  Du skal bannstøyta dei, både hetitane og amoritane og kana'anitane og ferisitane og hevitane og jebusitane, soleis som Herren din Gud hev sagt deg fyre;

18  elles kunde dei læra dykk å taka etter alt det stygge dei sjølve hev gjort til æra for gudane sine, og då vilde de synda mot Herren dykkar Gud.

19  Når du hev kringsett ein by og lyt liggja der lenge og strida mot han fyrr du fær teke han, so skal du ikkje skamføra trei som veks der, og skadehogga dei med øksi. Du kann eta av dei, men du skal ikkje hogga dei ned. Trei på marki er då ikkje folk, so du tarv stridast med dei og?

20  Men dei trei som du veit ikkje ber etande frukt, dei kann du øyda og hogga ned og byggja kringsetjingsverk av mot byen du ligg i strid med, til han lyt gjeva seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23