Femte Mosebok 2
1 So vende me oss åt øydemarki og tok vegen til Raudehavet, som Herren hadde sagt til meg, og me for lenge og sveiv kringum Se'ir-fjelli.
2 Då sa Herren til meg:
3 Lenge nok hev de reika ikring desse fjelli; tak no leidi mot nord!
4 Og til folket skal du segja so: No fer de gjenom riket åt brørne dykkar, Esaus-borni, dom bur i Se'ir, og dei vert redde dykk; men akta dykk vel
5 at de ikkje yppar ufred med dei; eg vil ikkje lata dykk få so mykje som ei fotbreidd av landet deira; for Se'ir-fjelli hev eg gjeve Esau til eigedom.
6 Den maten de treng, lyt de kjøpa av dei, og vatnet de drikk, lyt de og gjeva pengar for.
7 For Herren din Gud hev velsigna deg i alt du hev teke deg fyre; han hev bore umsut for deg på ferdi gjenom den store øydemarki; i alle desse fyrti åri hev Herren din Gud vore med deg, og du hev ingen ting vanta.
8 So for me lenger frametter, burt ifrå brorfolket vårt, Esaus-borni, som bur i Se'ir; me tok utav den vegen som gjeng frå Eilat og Esjon-Geber gjenom moane, og heldt fram etter ein annan veg, som bar til Moab-øydemarki.
9 Og Herren sa til meg: Du skal ikkje trengja deg inn på moabitane og yppa ufred med dei; eg vil ikkje lata deg få noko av landet deira; for Ar hev eg gjeve Lots-borni til eigedom.
10 Der budde i gamle dagar emitane, eit stort og mannsterkt folk; dei var høgvaksne som anakitane
11 og vert liksom dei rekna til kjempefolki; men moabitane kallar dei emitar.
12 I Se'ir budde fyrr i tidi horitane; men Esaus-borni dreiv dei burt og øydde dei ut og sette seg ned i staden deira, liksom Israel hev gjort i sitt land, det som Herren hev gjeve dei til eigedom.
13 Gjer dykk no reiduge [sa Herren] og gakk yver Sered-åi! So gjekk me yver Sered-åi.
14 Då var det åtte og tretti år sidan me tok ut frå Kades-Barnea, og heile den ætti, alle våpnføre menner i lægret var burtdøydde, som Herren hadde svore at det skulde ganga dei.
15 Herrens hand hadde råma dei, og rive dei burt or lægret, so dei alle var farne.
16 Då no alle våpnføre menner i folket var daude og burte,
17 då tala Herren til meg og sa:
18 No fer du yver Moabs landmerke, gjenom Ar,
19 og so ligg vegen din frammed Ammons-borni; men du skal ikkje trengja deg inn på dei og ikkje yppa ufred med dei; eg vil ikkje lata deg få noko av Ammonitar-landet; for det hev eg gjeve burt til Lots-borni.
20 Det landet vert og rekna til kjempelandi; fyrr i verdi budde det kjempor der; og ammonitane kallar dei samsummitar.
21 Dei var eit stort og mannsterkt folk og høgvaksne som anakitane; men Herren rudde dei ut for Ammons-borni, so dei dreiv dei burt og busette seg i landet deira.
22 Det same gjorde han for Esaus-borni, som bur i Se'ir; for dei rudde han ut horitane, so dei dreiv dei burt og busette seg i landet deira, og sidan hev dei butt der til denne dag.
23 Like eins gjekk det med avitane, som budde i landsbyane alt burt til Gasa; kaftorarane kom frå Kaftor, og øydde dei ut og tok romet deira.
24 Gjer dykk reiduge [sa Herren], far i veg og set yver Arnon-åi! Sjå, eg gjev Sihon, amoriten, kongen i Hesbon, og landet hans i dine hender. Tak til med å slå det under deg, og gjev deg i strid med han!
25 Etter denne dag skal det standa otte og redsla av deg yver heile verdi; alle som høyrer gjete deg, skal bivra og skjelva for deg.
26 Frå Kedemot-øydemarki sende eg menner til Sihon, kongen i Hesbon, med fredleg helsing og sa:
27 Lat meg få fara gjenom landet ditt! Eg skal halda meg på vegen og ikkje taka utav han, korkje til høgre eller vinstre.
28 Det eg lyt hava av mat, skal eg kjøpa av deg, og drikkevatnet du gjev meg, skal eg og leggja pengar for. Lat meg berre fara igjenom på min fot,
29 liksom Esau-borni i Se'ir og moabitane i Ar gav meg lov til - so eg kann koma yver Jordan til det landet Herren vår Gud vil gjeva oss.
30 Men Sihon, kongen i Hesbon, vilde ikkje lata oss fara gjenom landet sitt. For Herren din Gud hadde gjort hugen hans strid og hjarta hans hardt, av di han vilde gjeva han i dine hender, som han longe hev gjort.
31 Og Herren sa til meg: Sjå, no gjev eg deg makt yver Sihon og landet hans; tak no du til med å slå det under deg, so landet hans vert ditt!
32 So for Sihon imot oss til Jahas med alt herfolket sitt og tok på oss.
33 Men Herren vår Gud gav han i vårt vald, og me hogg han ned, både han og sønene og alt stridsfolket hans.
34 Den gongen tok me og alle byane hans og bannstøytte kvar byen, både menner og kvinnor og born; me let ingen vera att aller sleppa undan.
35 Men bufeet eigna me til oss, og herfanget i byane som me tok.
36 Frå Aroer, som ligg inn med Arnon-åi, og frå byen i dalen og radt til Gilead fanst det ikkje ein by med murar som var for høge for oss; Herren vår Gud gav dei alle i vårt vald.
37 Men landet åt Ammons-borni let du vera i fred, både det som ligg frammed Jabbok-åi og byane i fjelli, og alt det som Herren vår Gud hadde meinka oss å taka.